Hopp til innhold

Eidsvollsmennene frå Møre og Romsdal

Høyr radioreportasjane om eidsvollsmennene frå Møre og Romsdal.

Eidsvoll 1814

Ni av mennene i Riksforsamlingen på Eidsvoll i 1814 var frå Møre og Romsdal.

Foto: Wikimedia Commons

I radioserien vår om mennene som var med på forminga av den norske grunnlova på Eidsvoll i 1814 får du her dei tre siste. Høyr radioreportasjane om dei her.

Diktarpresten frå Øksendal

Eidsvollsmannen Jonas Rein

Jonas Rein.

Foto: Nasjonalbiblioteket

I 1914 reiste Øksendal ungdomslag ein bauta til minne om eidsvollsmannen Jonas Rein som var fødd i Øksendal. Rein budde dei første leveåra sine på kapellangarden Sandbrekken. Faren var prest, og dei blei Jonas også. Rein, som var kjend for si skarpe tunge, blei sendt til Eidsvoll som representant for Bergen, der han var prest.

Krigshelten frå Kristiansund

Georg Ulrich Wasmuth

Georg Ulrich Wasmuth.

Foto: Eidsvoll 1814 / Norsk Folkemuseum

Georg Ulrich Wasmuth frå Kristiansund var offiser. Han vaks opp i ein handelsfamilie på Innlandet i Kristiansund. Wasmuth representerte 1. Trondhjemske Infanteriregiment på Eidsvoll i 1814. Etter Riksforsamlinga reiste han rett ut i kamp og døydde av krigsskade i oktober 1814, berre 26 år gamal.

Ålesundspresten som skulle blitt smed

Niels Nielsen

Niels Nielsen.

Foto: Eidsvoll 1814

Dansk-norske Niels Nielsen var av ein familie av smedar. Likevel var det teolog han skulle bli etter oppveksten i Danmark. Nielsen var sokneprest i Ytre Holmedal i Sunnfjord då han var på Eidsvoll. Seinare var han prest i Eid i Nordfjord og i Borgund prestegjeld i Ålesund, der han døydde i 1854.

Her kan du lese om alle eidsvollsmennene frå Møre og Romsdal

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL