Hopp til innhold

Veøypresten som drukna på Tresfjorden

Soknepresten i Veøy, Jens Stub, var ein av eidsvollsmennene i 1814, men minnast mest for den dramatiske drukningsulukka på Tresfjorden fem år etter Riksforsamlinga.

Jens Stub - ein av eidsvollsmennene

Jens Stub - veøypresten som var ein av 112 eidsvollsmenn

Foto: Gunnar Sandvik/kollasje

Det var preikesøndag i Tresfjord for soknepresten i Veøy prestegjeld i Romsdal, han Jens Stub. Han hadde starta båtferda dagen før og kome seg til Gjermundnes der han overnatta. Da morgonen kom var det styggvêr og han skulle bli rodd av dei fem skysskarane inn til botnen av Tresfjorden, men det viste seg å ende heilt tragisk.

Dramatiske drukningsulukka

-Det var styggvêr denne oktoberdagen i 1819 - og det er ikkje uvanleg på Romsdalsfjordane, fortel historikar Mads Langnes. Prosten og dei fem skysskarane frå Vågstranda blei overraska av uvêret og drukna på Tresfjorden. Dei fem skysskarane blei funne, men Jens Stub sjøl forsvann på sjøen.

Folkeminne etter Stub

Mads Langnes

Historikar Mads Langnes seier det er mykje folkeminne etter Jens Stub

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

-Dette er nok ein av hemmelegheitene bak at det oppstod så mykje folkeminne rundt denne tragiske drukningsulukka, seier Langnes - folkelege historier om sokneprest Stub som har festa seg sterkt i minnet til sokneborna og ga opphav til mykje folkeleg tradisjon.

-Det heiter seg at det var ei klok kone i Tresfjorden som har stått og sett ned i eit fat med vatn den dagen Jens Stub drukna. Då har ho sett ned i vassflata at prosten drukna og då utbraut ho, at «no fór han Stub», og det var visst nok akkurat samtidig som han Stub drukna.

Så var det og ei anna kone frå Tresfjorden som har uttalt same dag som drukninga skjedde, at ho har drøymd natta før at ho så han Stub hang på prestestolen i Tresfjordkyrkja opp ned. Det har ho tatt som eit teikn på at det kom til å skje noko grusomt.


«Utmerkede aandsevner»


Jens Stub var altså ein av dei 112 som vedtok Grunnlova vår på Eidsvoll i 1814.
Han var fødd i 1764 og sorenskrivarson i Eid prestegjeld i Nordfjord. Etter heimeundervisning første åra, var han ikkje gamla karen før han vart send til Bergen på latinskulen der. Så vidare til studiar i København.

Han hadde gode eksamemspapir, og i følgje bygdebokforfattar for Bolsøyboka, Olaf Olafsen, så viste dette at Stub: «..var en mand med utmerkede aandsevner, og at han havde faat en god utdannelse».

Stub var huslærar for ein adelsfamilie på eit gods på Sjælland i Danmark nokre år og huslærar i Trøndelag. Så vart han prest i Alta i 1791. Etter 10 år i Alta vart Jens Stub utnemnd til sokneprest over Veøy prestegjeld i Romsdal.

-Veøy prestegjeld var ikkje noko småtteri på den tid. Det var eit stort og rikt prestegjeld – faktisk eit av dei største og rikaste på heile Vestlandet, fortel Mads Langnes.

Stub budde på prestegarden på Veøya og sette nok sitt tydelege preg på både kyrkja, kristenlivet og samfunnslivet på Veøy i den tida han var der, og i folkeminne i ettertid. Men gjenstandar og fysiske minne fins det ikkje noko att av etter han Jens Stub på Veøya.

Men i Vistdalen fins det visstnok eit reiseskrin som dreiv i land innerst i Langfjorden nokre dagar etter at han Stub drukna i Tresfjorden i oktober 1819.

Reiseskrinet som blei funnne etter drukningsulukka i Tresfjorden i 1819

Dette skrinet dreiv på land på Lange i Vistdalen 1819 etter at prost Jens Stub kollsegla: Hendinga er omtala i Veøyboka 1. Side 454-55. Det finst fleire versjonar av soga, M.A. I Bjørn Austigards feltbok 1981 side 314. Ole Lange eig skrinet.

Foto: Bjørn Austigard


Ikkje første val

Jens Stub var ikkje noko første val når det skulle sendast menn til Eidsvoll i 1814. Alle prestegjeld i Romsdal skulle velje to menn som først skulle sendast til ei amts samling i Molde.

11.mars i 1814 var det samling og val i Veøykyrkja for Veøy prestegjeld, fortel Mads Langnes. Det var mykje storfolk der, romsdalsfogden sjøl Klingenberg var der, og mest alle bønder i prestegjeldet. Dei valde så han prest Stub og bonden Ole Olsen Nesje frå Nesjestranda som sine utsendingar til amtsvalet.

Det vart også utforma ei såkalla valadresse, noko som skulle gjerast frå alle prestegjeld. Dette var mest som eit helsingstelegram med ei helsing til danskeprinsen og opplysning om kva to menn som var valt. Ofte var det svulstige formuleringar i desse valadressene, og i Veøy prestegjeld si valadresse, så innleia dei blant anna med «Med inderlig følt glæde og underdanigst taknæmlighed ere vi undertegnede og alle øvrige…» osv

På valmannsmøtet i Molde 30.mars 1814 skulle dei velje 3 representantar frå Romsdals amt. Amtmann Krogh var sjølvsagt første valet. Så valde dei ein bonde frå Sunnmøre - Elling Olsson Valbø frå Ørskog, og som den tredje valde dei prost Baade i Borgund på Sunnmøre.

-Men han var både gamal og skral, sa han og hadde ikkje lyst på denne lange reisa til Eidsvoll og han sa frå seg heile valet. Då valde dei i staden prost Finckenhagen frå Nordmøre, men han tok same tonen som sunnmørsprosten og sa at han ikkje hadde lyst til Eidsvoll fordi han var gamal og skral.

Så enda dei opp med Veøy-prosten Jens Stub. Han takka ja og drog til Eidsvoll og vart ein av dei som var med å vedtok Grunnloven vår.

Lite aktiv på Eidsvoll

-Det var 14 prestar på Riksforsamlinga på Eidsvoll, og sette dei - og Jens Stub spesielt - noko preg på samlinga?

-I det store og heile så trur eg ikkje dei gjorde det, seier Mads Langnes. Det er sagt at prestane ikkje var av dei mest aktive på Eidsvoll. Om han Jens Stub så heiter det at han knapt nok opna munnen sin under Riksforsamlinga. Han sa nok eit og anna, for han var kjend for sin kunnskap, men han var nok meir aktiv i debatten på bakrommet enn han var på talarstolen.

Unionist

Jens Stub høyrde til Unionspartiet som gjekk for ein union med Sverige og ikkje ville ha sjølvstende for Norge eller å framleis henge fast med Danmark.
Amtmann Krogh derimot, var tilhengar av Sjølvstendepartiet og desse karane kom i debatt. Da svara Stub at «når vi står der naken utan skjorte, så er me nok kanskje sjølvstendige, men det spørs om me då kan bestå».