Hopp til innhold

Fornøgde med kvalsesongen

Jakta på vågekvalen er i gong og eit tjuetalls påmelde båtar er med på fangsten.

Hvalfangstskuta Kato

Fangstkvoten for vågekval er i år på totalt 1286 dyr. Fiskebåten «Kato» reknar med å fylle sin del av kvoten.

Foto: Sylvi Inez Liljegren / NRK

Hittil er det tatt 603 vågekval imot 437 i same periode i fjor.

God fangst

Skipper på «Fiskbank» frå Smøla, Svein Hugo Torset, seier dei er fornøgde med fangsten så langt.

–Vi har ikkje så mange fangstdøgn. Vi har vel i praksis tre veker med fangst, så vi er fornøgde. Det er ikkje særleg meir enn ein månad sidan vi kom i gong. 46 dyr på den tida, må vi seie oss fornøgde med, seier han.

Passert 60 kvalar

På fiskebåten «Kato» frå Sandøy er det allereie passert 60 kvalar, men dei håpar på mange fleire.

– Vi hadde eit ønske då vi starta sesongen i år at vi skulle nå hundre kvalar, og det ligg vi an til dersom vêrforholda ikkje vil til hinder for det. Det er bra med kval og gode fangsvilkår, seier skipper Ole Mindor Myklebust.

Torset seier salet ser ut til å går godt, og at alt dei hadde med seg inn frå første turen er produsert unna. Om salet held fram, blir det kanskje blir endå ein tur utpå seinsommaren for fiskebåten frå Sandøy.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL