Hopp til innhold

– For lite deltaking i kvalfangsten

Kvoten for vågekval er uendra, men deltakinga og lønnsemda gjer at kvalfangsten nok blir under halvparten av kvoten. Det meiner eigar av kvalfangstbåten M/S Kato.

Hvalfangst

Kvalfangst har lange tradisjonar i Noreg. Det har derimot blitt færre og færre båtar som dreg på kvalfangst.

Foto: Ingeborg Hauglid / SCANPIX

– Kvalfangstnæringa har det same problemet som kvitfisknæringa. Havet er fullt med torsk, men prisen er så låg at det snart ikkje er lønnsamt å fiske det.

Det seier Ole Mindor Myklebust, eigar av kvalfangstbåten M/S Kato og dagleg leiar i Myklebust Hvalprodukter.

Tidlegare i dag blei det klart at vågekvalkvoten er uendra, og igjen er sett til fangst av 1.286 dyr.

Det er som venta, meiner Myklebust.

Ole Mindor Myklebust

Ole Mindor Myklebust meiner deltakinga i kvalfangsten er for låg.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

Kunne tatt 4-5.000 kval utan problem

– Det er dessverre for lite deltaking i kvalfangsten, noko som er eit resultat av for dårleg lønnsemd, seier Myklebust til NRK.no.

Også i 2013 vil det vere heilt fri fangst av vågekval i alle fangstområda. I 2011 blei 533 av dei 1.286 vågekvalane i kvoten skote. Tala for 2012 er ikkje klare.

– Vågekvalbestanden i Nord-Atlanteren og i våre tilgrensande havområde er i storleik 120.000 til 130.000. Der kunne vi, med fire prosent skattleggingsgrad, tatt opp 4-5.000 kval utan problem.

Då det var fri fangst for 50 år sidan var uttaket over 2.000 kval per år, seier Myklebust.

– Det er i grunnen synd at ein i eit berekraftig økobasert forvaltningssystem ikkje tek meir kval.

– Sjøpattedyra tek og et like mykje biomasse frå havet som det vi tek i land i annan pelagisk og kvit fiske, peiker Myklebust på.

Hvalfangst 2000 - 2011

Talet på deltakande fartøy i kvalfangsten har gått nedover. I 2013 blir det om lag 20 båtar som deltek i kvalfangsten.

– Produsentane tek ikkje marknadsansvar

Dei siste åra har det vore om lag 20 deltakande båtar i kvalfangsten. Det vil ikkje bli nemneverdig fleire dei neste åra, meiner Myklebust.

– Det er marknadssituasjonen som vil avgjere talet på fartøy. Om sesongen vil vare lenger er òg opp til marknaden.

– For dei fleste er det berre i juni månad det blir kvalfangst, kanskje litt i mai og juni. Om marknadssituasjonen betrar seg vil ein ha gode moglegheiter til å forlengje sesongen. Det blir veldig aktuelt for oss med M/S Kato.

Han peikar på avgrensa eksport til Japan og mykje alternativ fiske og store kvotar for anna fisk. Likevel meiner han eiga næring ikkje er flink nok på eitt felt.

– Vi er avhengige av at produsentane jobbar meir ut mot marknaden og tek ansvar. Produsentane tek ikkje marknadsansvar, meiner Myklebust.

– Dei har ein etablert marknad, tek inn råstoff og produserer for den marknaden. Ikkje meir. For vårt vedkommande jobbar vi kontinuerleg mot marknaden og ventar ei betydeleg auke i 2013.

Dagleg leiar i Myklebust Hvalprodukter ser med andre ord lyst på framtida.

– Kvalfangsten for vår del dei komande åra ser lys ut. Vi har ikkje grunn til å vere pessimistar i alle fall. Langt derifrå, avsluttar Ole Mindor Myklebust.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL