Hopp til innhold

Magnus har ikkje hatt ei einaste heil veke i barnehagen i haust

Småbarnsforeldre risikerer å bruke opp alle omsorgsdagane sine på grunn av uvanleg mange sjuke barn. Magnus Gjersrud har vore heime frå barnehagen 20 dagar i haust.

Tone Klakken Gjersrud og sonen Magnus.

Tone Klakken Gjersrud seier ho og mannen har bytta på å vere heime med yngsteguten. Han har hatt 20 fråværsdagar frå barnehagen etter at han starta.

Foto: Remi Sagen / NRK

Eittåringen Magnus Gjersrud skulle for lengst vore varm i trøya i barnehagen. Han starta i august, og skulle eigentleg vore godt over innkøyringsfasen. Men sjølv om han har full plass, har han framleis ikkje møtt opp alle dagar ei heil veke i strekk.

I staden har han vore heime med mor eller far fordi han har vore sjuk.

– Det er veldig fortvilande, det har gått hardt utover sjukedagane, seier Tone Klakken Gjersrud, som er mor til Magnus.

Ho synest synd på den vesle guten sin, som har vore tett, hatt snørr og hoste gang på gang og ikkje kome seg heilt til hektene igjen.

Nesten halvparten av ungane sjuke

Mange småbarnsforeldre opplever no ein tsunami av snørr, hoste og feber som følgje av nedsett immunforsvar etter koronapandemien.

Steinar Klokk

Styrar Steinar Klokk ved Vikedalen barnehage seier dei merkar godt at mange av dei yngste barna ikkje har vore utsette for normal bakterieflora og smitte. Dei er fødde etter koronapandemien slo til.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

På Vikedalen barnehage i Sykkylven har nesten halvparten av ungane vore sjuke denne veka. Fleire dagar har ei av avdelingane vore heilt stengt fordi ingen har møtt opp.

– Vi har fått ein veldig boom no. I går hadde eg 25 av 58 som var vekke, i dag er det 20. Det merkast veldig godt, seier styrar Steinar Klokk.

Ber foreldre snakke med sjefen

Stadige host og snufs hos dei små kan gjere at foreldre brukar opp omsorgsdagane dei har rett på, allereie før vinteren er skikkeleg i gang. Nav stadfestar at også dei merkar at mange er sjuke med influensa og forkjøling, og at fleire tek kontakt fordi dei har spørsmål om omsorgsdagane.

– Vi oppfordrar då til å gå i dialog med arbeidsgjevar for å finne gode løysingar, til dømes ved å bruke velferdspermisjon, feriedagar eller avspasering, seier Maren Tjørholm Berg, som er fagkoordinator hos Nav Kontaktsenter.

Vekerapporten frå FHI viser at mange nordmenn no har luftvegsymptom og at RS-viruset er på sterk frammarsj.

Vikedalen barnehage

Her ved Vikedalen barnehage har nesten halvparten av borna vore sjuke denne veka.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

No forsvinn snart halvparten av omsorgsdagane

Men allereie frå nyttår kan situasjonen bli verre for småbarnsforeldre med sjuke små. Då forsvinn den doble kvoten med omsorgsdagar, som regjeringa innførte for å hjelpe foreldre som måtte vere mykje heime.

Det stadfestar statssekretær Truls Wickholm i Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

– Då vil dei måtte ta i bruk feriedagar, avspasering, ulønt permisjon eller finne andre løysingar, skriv han i ein e-post.

NRK har bedt arbeids- og inkluderingsminister Hadia Tajik (Ap) svare på kva ho vil gjere for å hjelpe dei som brukar opp omsorgsdagane sine, utan å få svar.

Truls Wickholm, statssekretær i Arbeids- og sosialdepartementet.

Statssekretær Truls Wickholm seier ordninga med doble omsorgsdagar forsvinn frå nyttår og at foreldre då må finne andre løysingar dersom omsorgsdagane er brukte opp.

Foto: Akershus Arbeiderparti

Takkar fleksible arbeidsgjevarar

For familien til Magnus har det vore ein kabal å få kvardagen til å gå opp i haust. Begge foreldra takkar arbeidsgjevarane sine for fleksibilitet.

Tone Klakken Gjersrud er ikkje glad for at regjeringa straks reduserer talet på omsorgsdagar, og fryktar at minstemann igjen skal bli sjuk

– Det er lenge igjen av vinteren når vi bikkar nyttår. Eg håper dei vil vurdere saka på nytt dersom dei ser at det blir vanskeleg for folk, seier ho.

Tone Klakken Gjersrud og sonen Magnus.

Tone Klakken Gjersrud har vore heime med sonen Magnus mange dagar i haust. No håper ho at han snart kan vere meir på barnehagen.

Foto: Remi Sagen / NRK