Hopp til innhold

Denne hausten må du vere klar for snørr, hoste og ein stygg influensa

Samstundes som koronasmitten går i vêret, er mange no forkjølte. Og influensasesongen kan bli tøff, melder Folkehelseinstituttet.

Influensa, illustrasjonsfoto

Det har vore ein tydeleg auke i forkjøling etter sommaren.

Foto: Kallestad Gorm / NTB scanpix

I Plassebakken barnehage i Ålesund er det stillare enn vanleg. Mange barn er heime med feber, snørr, hoste og såre halsar.

Barnehagen hadde lite sjukdom då regjeringa innførte strenge koronatiltak, men no er forkjølinga tilbake.

Sissel Berg Natvik i Plassebakken barnehage

Sissel Berg Natvik er dagleg leiar ved Plassebakken barnehage i Ålesund.

Foto: Privat

– No er vi tilbake til normalen. Dagleg må eg ringe ein eller fleire foreldre og be dei hente sjuke barn, seier Sissel Berg Natvik som er dagleg leiar i barnehagen. Fleire skular og barnehagar NRK har vore i kontakt med seier at dei merkar ein oppsving i sjuke barn.

Ventar stygg influensa

Koronasmitten har auka raskare enn venta dei siste dagane. Samstundes ser Folkehelseinstituttet ein tydleg auke i forkjølingar. Det gjeld spesielt Rhinoviruset, som er det mest vanlege forkjølingsviruset.

– Det skuldast nok at skulane og arbeidslivet er kome i gong att etter sommaren. Det dumme er at symptoma er om lag dei same som ved korona. Det er vondt i halsen og hovudet, hoste, rennande nase og feber, seier overlege Preben Aavitsland ved Folkehelseinstituttet.

Overlege Preben Aavitsland i Folkehelseinstituttet

Overlege ved Folkehelseinstituttet, Preben Aavitsland, seier årets influensa kan bli tøff.

Foto: Tor Erik Schrøder

Nordmenn har sleppt unna ei rekkje luftvegsinfeksjonar på grunn av smitteverntiltaka vi har levt med det siste halvanna året. Folkehelseinstituttet såg at for første gang i historia hadde vi nærast null influensa sist vinter.

Det får vi svi for no.

– Vi førebur oss på ein stygg influensasesong denne vinteren. Sidan det ikkje var noko influensa førre vinter, er det mindre immunitet i folket enn vanleg, seier Aatvitsland. Styresmaktene oppmodar alle eldre og sjuke til å influensavaksinere seg i år.

Folkehelseinstituttet har også varsla barnelegane om å vere særleg merksame på RS- virusinfeksjon hos små barn. Dette viruset gir infeksjon i dei nedre luftvegane.

Sjuke, men testar negativt

Kommuneoverlege Askill Sandvik i Kristiansund

Kommuneoverlege i Kristiansund, Askill Sandvik, ber alle teste seg sidan symptoma for korona og forkjøling er så like.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Kommuneoverlegen i Kristiansund, Askill Sandvik, opplever at mange har symptom i luftvegane, men likevel testar negativt på korona.

Sandvik trur at sidan folk ikkje har hatt infeksjonar på ei stund, kan det føre til at vi blir lettare smitta når vi først blir utsett for virus.

– Uansett er det viktig å teste seg. Ein kan ikkje vite om det er koronavirus eller forkjøling, seier Sandvik.

Verdt å bli forkjølt

Mange meiner at dei aldri har vore så lite forkjølte som under pandemien. For 19 år gamle Sander Hansen har det å ha lite sosial omgang heldt han friskare enn vanleg. No når samfunnet har opna opp att meir, er han førebudd på meir sjukdom.

– Eg gler meg til alt er tilbake til normalt. Blir eg forkjølt så blir eg forkjølt. Det er det verdt, seier Hansen.

Sander Hansen

Sander Hansen har halde seg friskare enn vanleg med strenge smitteverntiltak. Han er førebudd på å bli forkjølt.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Nå er Norge på smittetoppen i Norden