Det var 28. juni at hurtigbåten Tyrhaug kolliderte med ein arbeidsbåt på Nordmøre.
Det var 31 passasjerar og eit mannskap på fem om bord i hurtigbåten. I arbeidsbåten var det fire personar.
– Vi har tatt beslag i mobiltelefonen til føraren av hurtigbåten og er interessert i å sjå om den er brukt i forkant av samanstøyten. Han er sikta for å aktlaust ha vore skuld i ein sjøskade som kunne ha medført tap av menneskeliv, seier politifullmektig Christian Asdahl i Møre og Romsdal politidistrikt til NRK.
Føraren er sikta for brot på straffelova 356.
Mannen er sikta for å på ein aktlaus måte ha skapt fare for folk.
Det var Adresseavisen som først omtalte siktinga.
Har ingen kommentar
Hurtigbåten går vanlegvis mellom Kristiansund og Trondheim. Etterforskinga så langt skal tyde på at hurtigbåten ikkje reduserte farta før kollisjonen. Den skal også ha køyrd inn i arbeidsbåten bakfrå.
– På bakgrunn av vitneopplysningar meiner vi at hurtigbåten skal ha hatt ei fart på 30 knop, seier Asdahl.
Vidare seier han at dei har grunn til å tru at føraren av båten ikkje var merksam nok på trafikken før kollisjonen. Dei jobbar no for å kartlegge kvar merksemda til føraren var før ulykka.
– Føraren har ikkje fått moglegheit til å ta stilling til siktinga endå, så det må vi gjere i eit seinare avhøyr.
Det er Torghatten Midt som driftar hurtigbåten.
– Ettersom dette er ei pågåande politietterforsking har Torghatten Midt og Kystekspressen ingen ytterlegare kommentar, utover det vi har svart direkte til politiet, seier Mariann Grønseth, administrerande direktør i Torghatten Midt til NRK.
– Siktinga som de og Adressa refererer til er ukjent for oss, held ho fram.
Fire til sjukehus
Begge båtane fekk skader i skroget i ulykka.
Fire personar blei sendt til sjukehus etter ulykka. Blant dei var ein av dei tilsette om bord i hurtigbåten.
Både politiet og Sjøfartsdirektoratet er i gang med å etterforske saka.
– Vi er ferdige med den innleiande delen av etterforskinga. Vi har gjennomført ein del vitneavhøyr, men vi skal framleis gjere fleire avhøyr. I tillegg ventar vi på teknisk dokumentasjon frå kystradio og GPS-data som kan seie noko om hastigheit, posisjon og kurs, seier Asdahl i politiet.
Sjøfartsdirektoratet har vore på tilsyn om bord i begge båtane.
Kommunikasjonsdirektør Dag Inge Aarhus seier dei har gitt pålegg om utbetring av skader på begge fartøya slik at dei kan kome i drift igjen.
– Hurtigbåten har også fått eit pålegg der vi ber om ei tilbakemelding på korleis dei gjennomfører rutinar og prosedyrar for ein sikker seglas, og blant anna det som går på utkikk, seier han.
Aarhus seier at selskapet i utgangspunktet har gode rutinar for dette, men at det kan virke som om desse ikkje er følgt i samband med denne ulykka.