Hopp til innhold

To båtar kolliderte: – Det er for tidleg å fordele skuld

Politiet etterforskar for å finne ut kva som gjorde at to båtar kolliderte på Nordmøre onsdag. Torghatten Midt har starta sine interne granskingar.

Båtulukke hurtigbåte Tyrhaug

KOLLIDERTE: Hurtigbåten Tyrhaug og arbeidsbåten «Frøy Loke» kolliderte i området mellom Smøla og Aure onsdag.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Politiadvokat Mathias Häber seier at dei har starta med avhøyr av dei involverte. Det har også blitt gjennomført ein rutinemessig promillekontroll av båtførarane

– Vi har gjort nokre avhøyr og kjem til å halde fram med det.

Politijurist Mathias Häber

Politiadvokat Mathias Häber seier at det er for tidleg å seie noko om kven som hadde skuld i kollisjonen.

Foto: Remi Sagen / NRK

I tillegg held politiet fram med den tekniske og taktiske undersøkinga. Kriminalteknikarar frå politiet skal undersøke båtane.

– Dei har også system som ein kan hente ut data frå, seier Häber.

Han vektlegg at det framleis er tidleg i etterforskinga.

– Det er for tidleg å fordele skuld og seie noko om kven som hadde ansvaret for kollisjonen.

Les også Fire personar blei frakta til sjukehus med helikopter etter båtkollisjon

Båtkollisjon ved Tustna, hurtigbåten Tyrhaug

Har starta interngransking

Det var i 12.00-tida onsdag at hurtigbåten Tyrhaug og arbeidsbåten «Frøy Loke» kolliderte i området mellom Smøla og Aure. Begge båtane fekk skader i skroget i ulykka.

Det var 31 passasjerar og eit mannskap på fem om bord i hurtigbåten. I arbeidsbåten var det fire personar.

Det er Torghatten Midt som driftar hurtigbåten. Mariann Grønseth, administrerande direktør, seier at dei vil gjennomføre ei intern gransking av ulykka.

– Vi ønskjer ikkje å spekulere i kva som er årsaka før vi har fått gjennomført vår interne gransking. No er vi først og fremst opptatt av at det går bra med passasjerar og mannskapet, og at dei får ei god oppfølging, seier ho.

Fire personar skal vere skadd etter ei ulykke mellom to båtar. Kollisjonen skal ha skjedd mellom Aure og Smøla.

Fire personar blei skadd etter ei ulykke mellom to båtar.

Ein frå mannskapet sendt til sjukehus

Totalt fire personar blei frakta til sjukehus etter ulykka.

Éin av våre tilsette blei frakta til St. Olavs hospital for undersøkingar. Vi følger opp heile mannskapet tett og har også kopla på bedriftshelsetenesta. Vi er svært opptatt av korleis det går med dei involverte.

Grønseth har tidlegare svart på påstandar om at hurtigbåten ikkje skal ha slakka ned eller forsøkte å svinge unna.

– Det er dessverre for tidleg for oss å kommentere dette på noverande tidspunkt. Gransking vil vise hendingsgangen. Vi set i gang gransking omgåande, svarte ho då.

Hurtigbåten går vanlegvis mellom Trondheim og Kristiansund. Ruta var innstilt ei periode i går, fram til eit reservefartøy kom på plass. No går ruta som normalt.

Båtkollisjon ved Tustna

Ein av dei tilsette på hurtigbåten var blant dei som blei frakta til sjukehus etter ulykka.

Foto: Pål Sundøy / Tidens Krav

Samarbeider med myndigheitene

Anders Gåsø er konserndirektør i selskapet Frøy. Dei er eigar av båten «Frøy Loke».

– Dei fire som var om bord i båten har det etter forholda bra. Første prioritet for oss har vore å vareta mannskapet vårt. Dei blei frakta inn til Kristiansund i går og blir følgt opp vidare i dag, seier Gåsø.

Båten har blitt slept til land og vil bli undersøkt for skader.

– Vi jobbar saman med aktuelle myndigheiter for å finne årsaka til ulykka. Mannskapet vårt har forklart seg og så vil granskinga og etterforskinga etter kvart vise kva som har skjedd, seier Gasø.

Skal gjennomføre tilsyn

Begge båtane ligg no på Vågland verft.

Eivind Kallevik, kommunikasjonsrådgivar i Sjøfartsdirektoratet, seier at inspektørar frå dei skal om bord i dei to båtane fredag.

– Då blir det gjennomført eit såkalla havari- og skadetilsyn. Der vil vi prøve å finne ut av forløpet til ulykka. Vi vil også undersøke om vilkåra for sikker seglas er følgt opp, for eksempel om det er brot på kviletid eller andre ting. Vi forventar også at begge reiarlaga samarbeider, seier han.

Kallevik fortel at dei i utgangspunktet gjer eit tilsyn, og så blir det opp til Havarikommisjonen for sjøfart om det skal bli sett i gang ei gransking.

Sjøfartsdirektoratet kjem også til å undersøke kva som må til for at fartøya kan operere på sjøen igjen.

Ein person skal ha vore bevisstlaus og fekk hovudskadar då to båtar kollidert mellom Aure og Smøla.

Dei to båtane kollidert i området mellom Aure og Smøla.