Hopp til innhold

Kristiansund slo KFUM Oslo 3-2

Etter en dramatisk andreomgang slo Kristiansund KFUM Oslo 3-2 søndag ettermiddag. Daouda Bamba scoret ikke bare to mål. Han fikk også to gule kort, og dermed rødt på tampen av andre omgang.

Kristiansund - Sandnes Ulf

Kampen mot Sandnes Ulf er historie, og KBK har valgt å fokusere på dei gjenståande kampane.

Foto: Roar Halten, NRK

Laster innhold, vennligst vent..

Etter to mål mot slutten av andreomgang sto det 1-1 til pause.

Håpet om seier ble virkelig vekket da Rocky Lekaj sørget for KBK-ledelse i det 74. minutt. Men nøyaktig 10 minutter senere satte Martin Wiig inn KFUM's utligningsmål.

Men denne stillingen varte ikke lenge. Like etter ble Daouda Bamba tomålsscorer, og sikret 3-2 til Kristiansund.

Tre minutt deretter pådro Daouda Bamba seg et nytt gult kort. Han hadde et fra før, og Bamba fikk dermed se resten av kampen fra benken.

Kristiansund ligger fortsatt på topp med 51 poeng, foran Sandefjord som slo Ullensaker/Kisa 1-0.

Laster innhold, vennligst vent..

Når Kristiansund BK tar imot KFUM Oslo i ettermiddag er det truleg eit heimelag som er meir tent enn nokon gong.

Forvirringa og undringa over saksgangen etter kampen mot Sandnes Ulf er nesten like stor som forvirringa og undringa over det som skjedde i sjølve kampen,

«Alle», også dommaren, vedgjekk i ettertid at han ga gult kort til feil spelar. Konsekvensen hadde ikkje vore så stor om ikkje Tor Erik Torske hadde hatt gult kort frå før. Men han blei utvist, og etter at KBK blei redusert til ti mann snudde Sandnes Ulf kampen.

Tor Erik Torske

Tor Erik Torske blei feilaktig utvist mot Sandnes Ulf

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Protest og anke

KBK varsla umiddelbart etter kampen at her ville det kome ein protest.Og då klubben fekk medhald, var det nok flleire som meinte at det var ei rettvis avgjerd. Men i førre veke kom svaret på Sandnes Ulf sin anke, og kampen blir likevel ikkje spelt om igjen.

Leiinga i KBK har valt å ikkje gå vidare med saka. Kan hende er det smart, for motivasjonen til spelarane har neppe blitt noko mindre av den juridiske saksgangen i fotballforbundet.

Dessutan slepp laget ein «ekstra» kamp, som kan ha kome til å ha gjort meir skade enn gagn. Trenarar og spelarar får også konsentrere seg heilt og fullt om dei kampane som står igjen.

Alt i eigne hender

Og KBK er i ein posisjon pr. i dag at dei ikkje «treng» dei poenga dei kunne fått mot Sandnes Ulf. Før dagens kamp er det eit gap på fem poeng ned til Sandefjord og 2.plassen, som også gir direkte opprykk.

Ned til Jerv på 3. er det seks poeng. Laga frå 3.-6.skal spele kvalifisering. Slik sett har Kristiansund alt å vinne, bokstaveleg tala, på å konsentrere seg om eigne oppgåver, og ikkje bruke meir tid og krefter på det som har skjedd.

Christian Michelsen

«Neste kamp er den viktigaste», brukar Christian Michelsen og andre trenarar å seie. No gjeld det meir enn nokon gong.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Dagens runde

Ut i frå form og tabellsituasjon er det naturleg å tru at situasjonen, og tabellen, er uforandra blant dei tre øvste etter dagens kampar. Formlaget Jerv tar i mot Åsane, medan argaste motstandar Sandefjord er vertar for Ull/Kisa.

Det gir truleg tre poeng til heimelaga. Men det same bør skje i Kristiansund når KFUM Oslo er gjestar. Greier KBK å halde fokus, har dei gjennom heile sesongen vist at dei er eit betre lag enn motstandaren frå hovudstaden. Og om det juridiske ikkje bikka KBK sin veg, kan dei sjølv vere med og avgjere at det sportsleg blir ein ny opptur.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL