Hopp til innhold

Hoff gir seg i AaFK: – Eg trur det kan vere sunt både for meg og klubben

Klubbdirektør Henrik Hoff sluttar i Aalesund FK etter nesten 23 år i klubben.

Henrik Hoff

Henrik Hoff gir seg i AaFK etter å ha jobba i klubben i fleire titals år.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Hoff seier at avgjerda om å slutte er noko han har tenkt på lenge.

– Det er heilt og fullt mi eiga avgjerd som eg har kome fram til etter å ha vore i tenkeboksen ei tid. For meg ligg det ingen dramatikk i dette, seier Henrik Hoff.

Hoff ikkje legg skjul på at utfordringane dei siste åra har tært på, samtidig som han trur at «AaFK-konsernet» kan vere tent med ein ny dagleg leiar for at AaFK skal kunne ta nye steg, både sportsleg og administrativt.

– Eg trur det kan vere sunt både for meg, og ikkje minst AaFK, å få inn ein ny dagleg leiar som kan sjå litt annleis på ting. Eg har trass alt hatt denne jobben så lenge at ein kanskje blir litt einspora, seier han til NRK.

– Kritikken har ikkje påverka meg

Hoff meiner det er til det beste for klubben at han gir seg.

Henrik Hoff

Henrik Hoff har jobba i AaFK i nesten 23 år.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

– At eg no sluttar er frå mi side eit ønske om, og eit bidrag til, at klubben blir leia i riktig retning inn i framtida, seier den avtroppande dagleg leiaren som vektlegg at han har hatt mange sportslege oppturar og nedturar i klubben.

I nedgangstidene har kritikken hagla mot klubben og klubbdirektøren, men Hoff avviser at dette er noko av grunnen til at han no gir seg.

– Det har ikkje påverka valet mitt i det heile. Eg kom inn som dagleg leiar når vi heldt på i 2. divisjon og eg har lært meg å tole kritikken. Det er ein del av fotballen og eg hadde ikkje hatt noko å gjere i denne klubben dersom eg ikkje hadde tolt kritikk, seier han.

Usikker framtid

Hoff kjem til å halde fram i stillinga si som dagleg leiar i AaFK fram til midten av januar. Han har også sagt seg villig til å ta på seg oppgåver for klubben i ei overgangsperiode. Hoff seier at han så langt ikkje har tenkt på kva han skal gjere etter at han sluttar som klubbdirektør.

– Eg skal ha ein ferie i januar og så skal eg byrje å sjå på kva eg skal gjere etter det, seier han.

Hoff seier han framleis kjem til å støtte klubben frå tribunane.

– Det blir litt rart å stå på sidelinja, men eg kjem til å halde fram med å gå på kampar og snakke med dei som jobbar her.

Får skryt av styret

Styreleiarane Reidar Mjelde og Ivar Nesset blei informert om avgjerda tysdag, og seier at dei ikkje såg den kome, men at dei har forståing for avgjerda.

– Men vi er vel eigentleg ikkje så overraska over at Henrik meiner at nok er nok, etter så mange år i ei så profilert stilling, og med det presset han har opplevd, seier dei.

Reidar Mjelde

Styreleiarane Reidar Mjelde blei overraska, men har forståing for avgjerda til Henrik Hoff.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Dei to roser Hoff, som dei meiner har gjort ein formidabel jobb med klubben over mange år. Dei meiner at klubbdirektøren skal ha mykje av æra for AaFKs mange oppturar, og for at AaFK i dag er ein toppklubb.

– Eg føler at mykje av den kritikken som har kome mot Henrik i media og sosiale medier har vore feil. Han har ei unik kompetanse og det ville ha vore heilt feil av klubben å ikkje bruke den kompetansen, seier Mjelde til NRK.

Styre vil no kalle inn til eit møte der dei skal legge ein plan for den vidare prosessen med å få på plass ein ny dagleg leiar i klubben og ÅFAS.

– Vi ser for oss at det kan ta litt tid å få på plass ei permanent løysing, så vi må også tenke på ei midlertidig løysing, seier Mjelde.

Det var Sunnmørsposten som først omtalte saka.