Hopp til innhold

Tap for KBK i serieopninga

Kristiansund BK tok leiinga først, men tapte til slutt 3–1 i serieopninga borte mot Mjøndalen. – Vi skal reise oss, seier KBK-trenar Christian Michelsen.

Kristiansund ballklubb

KBK tapte serieopninga borte mot Mjøndalen. Dette biletet er frå ein kamp førre sesong.

Foto: Roar Halten / NRK

Verken Mjøndalen eller Kristiansund BK greidde å skape dei heilt store målsjansane i første omgang og gjekk til pause med stillinga 0–0. Mjøndalen pressa mest i første omgang, men greidde ikkje å få ballen i mål.

I andre omgang starta Kristiansund BK sterkast og etter to spelte minutt sett Jean Alassane Mendy ballen i mål bak Mjøndalen-keeper Marco Jørgensen.

Men etter 74 spelte minutt var det Mjøndalen sin tur. Amahl Pellegrino blir bytta inn og brukar berre nokre få minutt før han setter ballen i mål og utliknar for Mjøndalen. Berre to minutt seinare aukar Andreas Hellum stillinga til 2–1. Men laget frå Buskerud gir seg ikkje med det. Etter 81 spelte minutt scorar Joachim Olsen Solberg for Mjøndalen, og stillinga endar til slutt 3–1.

– Først og fremst møter vi eit godt lag. Om ein ser kampen under eitt så føler eg på mange måtar at vi ikkje kjem heilt opp på det nivået vi sjølv ønskjer å vere på. Men eg har ståltrua på at vi skal reise oss allereie til helga, seier KBK-trenar Christian Michelsen til NRK etter kampen.

Han fortel at dei vil bruke den neste veka på å finne tilbake til den forma som laget ønskjer å ha.

– Det blir nok prioriteringa inn mot helga. Vi må senke skuldrene, kjenne igjen oss sjølv og stå på, seier Michalsen.

Høge ambisjonar

Både Hødd og Kristiansund var blant toppklubbane i fjorårets 1. divisjon. Begge laga kom seg til kvalifiseringsspelet, og hadde dermed ein reell moglegheit til spel i eliteserien. Dei lukkast nesten i fjor og har ambisjonar om å bli minst like gode i år.

– Totalt sett skal vi stå sterkare enn vi gjorde før fjorårssesongen. Stammen frå i fjor er der, også har vi fått inn litt krydder. KBK blir å regne med i også år, og vi skal gripe moglegheita mot Mjøndalen i første serierunde, sa KBK-trenar, Christian Michelsen til NRK før seriestart.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL