Hopp til innhold

Føler seg nedprioritert i statsbudsjettet

Studenttinget ved Høgskulen i Volda er kritiske til budsjettforslaget som regjeringa la fram i dag.

Johanna Antoniak

SKUFFA: Johanna Antoniak leiar i Studenttinget i Volda, meiner studentane igjen blir nedprioritert.

Foto: Privat

Med det støttar dei seg til Norsk Studentorganisasjon si misnøye med regjeringa sitt forslag. Det er spesielt forslaget om å innføre skulepengar for utanlandske studentar som studenttinget reagerer på.

Høgskulen i Volda har ein stor del utanlandske studentar både frå og utanfor EU. Joanna Antoniak, leiar i Studenttinget i Volda meiner innføring av skulepengar for studentar som ikkje er ein del av EU vil verke skadeleg fir studentmiljøa i heile landet.

– Gratis utdanning er ei god investering, både for å vere konkurransedyktig og for å betre kvaliteten på utdanninga i Noreg. Difor er det viktig at vi bevarer gratisprinsippet, seier Antoniak.

Få alt om statsbudsjettet i Møre og Romsdal her.

– Fører til færre studentar

Gratisprinsippet har vore eit forslag som studentane har kjempa for å bevare i fleire år, og som framleis ikkje har blitt innført. No meiner Antoniak at politikarane må innsjå kor viktige dei internasjonale studentane er.

– Dei internasjonale studentane fører til ei større internasjonalisering og kan bidra med erfaringar frå sine eigne heimland, seier Antoniak.

Ho trur ei innføring i skulepengar for utanlandske studentar vil ha fleire negative konsekvensar.

– Det er dyrt nok å studere i Noreg slik som det er no. Færre vil ha moglegheit til å studere dersom dei må betale skulepengar, seier leiaren i Studenttinget.

– Då blir utdanninga berre for dei rike, held ho fram.

Antoniak trur skulepengar for internasjonale studentar kan ha fleire negative ringverknader for studentar generelt.

– Erfaringar frå Europa viser ein dominoeffekt der skolepengar for internasjonale studentar har vist seg å vere fyrste skritt i retning av skulepengar for alle, seier ho.

Nedprioritert, igjen

Antoniak tykkjer det er leit at studentøkonomien igjen blir nedprioritert. I statsbudsjettet er det fremja ei auke på 3,1% på stipendet, noko som svarar til ei auke på ca. 1600 kroner i året. Det møter heller ikkje kravet frå Norsk Studentorganisasjon.

– Ein må hugse at studentane skal betale leige, kjøpe mat, bøker og andre nødvendige ting for desse pengane, seier Antoniak.

Ho meiner det ikkje er rart at mange studentar må ty til jobb ved sidan av studiane når stipendet er så lågt.

– Vi får heile tida høyre at studentar ikkje studere nok, men når vi må jobbe for å ha råd til husleige så er det klart at det går utover studietida, meiner ho.

Norsk studentorganisasjon krev 3000 nye studentbustader i løpet av 2015. I statsbudsjettet for 2015 er det løyvde 380 millionar kroner til totalt 1500 nye studentbustader. Det er 200 fleire enn i 2014. Talet på studentar er stigande og bustadutviklinga klarer ikkje å halde følge med auken.

– Det blir ikkje bygd nok studentbustader, noko som betyr at studentane ofte må inn på det private marknaden der bustadprisane ofte er mykje høgare. Vi vil nok halde fram med å sjå studentkøar med denne utviskinga, meiner Antoniak.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL