Hopp til innhold

Løe brann ned etter at bråtebrann kom ut av kontroll

Brannvesenet måtte kjempe for at bråtebrann ikkje skulle spreie seg til skogen.

Ei løe brann ned etter at ein bråtebrann kom ut av kontroll i Hallebygda på Sunnmøre fredag. FOTO: Endre Vorren/Vestlandsnytt.

I 18.30-tida fredag kveld fekk brannvesenet endeleg kontroll over bråtebrannen som spreidde seg ute av kontroll i Hallebygda på Sunnmøre.

Frykta skogbrann

Brann Sande kommune

Ei løe brann ned som følgje av bråtebrannen i Hallebygda på Sunnmøre.

Foto: Endre Vorren / Vestlandsnytt

Det var klokka 17.10 fredag at politiet først melde om ein bråtebrann som hadde kome ut av kontroll i Hallebygda i Sande kommune på Sunnmøre. Alle naudetatane rykte ut til staden og mannskap frå fleire stadar deltok i sløkkingsarbeidet.

Ei løe brann ned som følgje av brannen. Bråtebrannen var også på veg mot eit nærliggande hus, men brannvesenet greidde å stoppe brannen før den nådde så langt.

Det starta også å brenne i terrenget ved skogen, og brannvesenet frykta at det ville spreie seg vidare til skogen.

– Vi jobbar no på spreng for å hindre dette, sa Frank Ausdal, operasjonsleiar for 110-sentralen i Møre og Romsdal til NRK klokka 18.30 fredag kveld. Om lag ein halvtime seinare begynte brannvesenet å få kontroll på brannen.

Bråtebrann ute av kontroll

Vurderte å sette inn helikopter

Både frivillige og personar frå brannvesenet deltok å sløkkingsarbeidet. Brannvesenet vurderte på eit tidspunkt å sette i helikopter, men fekk kontroll på brannen før dette blei nødvendig.

Ifølgje Vestlandsnytt skal det ha vore fleire køyretøy i løa då den brann ned.

Fleire grasbrannar på Sunnmøre

Like etter klokka 17.00 blei det også meldt om ein grasbrann på Leinøya i Herøy. Brannen oppstod midt i eit bustadfelt, men brannvesenet fekk raskt kontroll på situasjonen.

Brann Leinøya

Like etter klokka 17.00 fredag blei det meldt om ein bråtebrann ute av kontroll på Leinøya i Herøy. Brannen var nært eit bustadfelt, men brannvesenet fekk raskt kontroll på brannen.

Foto: Josefine Spiro / Vestlandsnytt

Også i 14.00-tida fredag måtte brannvesenet rykke ut etter at ein bråtebrann kom ut av kontroll på Nøystøylen i Åram. Der klarte dei å berge eit naust som stod i fare for å ta fyr.

Fleire stadar på Sunnmøre har det i dag blitt gjennomført kontrollerte bråtebrannar. Desse har skjedd på Haddal i Ulstein, Bjørnøya i Haram, Raudøya i Ørstafjorden og i Kvalsvika i Herøy.