Sjå bildegalleri frå flaumen i Ørsta.
Ekstraferje pga. stengd veg
Europaveg 39 gjennom Ørsta var stengd for trafikk i fleire timar. Det oppstod kø på begge sider av sentrum.
Difor blei det sett opp ferje mellom Eiksund – Rjånes og Volda i fleire timar frå klokka 11.
Skadde vegar
Vatnet gjekk over vegane fleire stader. Vakthavande i vegvesenet for Sunnmøre, Rolf Stormo, oppmoda folk om å unngå å køyre bil i Ørsta sentrum i dag.
E39 mellom Mork og Ose var altså stengd, og store vassmengder gjorde at kumlokk losna, og skapte store problem for bilane.
Vegvesenet har oppretta ein publikumstelefon: 74 12 21 73.
– Kaotisk
Flaumen gjer stor skade. (Foto: Heidi Hegvik)
I Ørsta sentrum var situasjonen kaotisk, rapporterte NRK-reporter Olaug Bjørneset i formiddag. Mannskap frå Sivilforsvaret, Heimevernet, Politiet og brannmannskap frå både Ørsta og Volda arbeidde på spreng og kjempa mot vasskreftene.
Kjellarar overfløymde
Ørsta kommune, som i formiddag hadde vakt ute fleire stader i sentrum, fekk fleire meldingar om kjellarar som var fulle av vatn.
Folk som har akutte problem blir bedne om å ringe Ørsta kommune på telefon 700 49 760.
Utanfor Rust Club & Scene i Ørsta sentrum. (Foto: Knut Steinnes)
Ei gangbru over elva blir berga. (Foto: Olaug Bjørneset, NRK)
Fleire stengde vegar
Fleire vegar i fylket er ramma av flaumen. Det fortel seksjonsleiar i vegvesenet, Richard Lunheim. Men situasjonen er verst i Ørsta, seier Lunheim.
I tillegg til Europaveg 39 gjennom Ørsta sentrum var fylkesveg 40 rundt Dalsfjorden i Volda, fylkesveg 4 i Vanylven og fylkesveg 65 Festøy - Standal i Ørsta stengt på grunn av flaum.
Problem med posten
Flaumen førte også til problem for Posten. På grunn av uforsvarlege forhold er det berre postmottakarar på strekninga mot Sæbø i Ørsta som i dag får levert brev og pakkar.
Posten blir forseinka til alle dei andre postmottakerane i Ørsta. Det opplyser informasjonssjef Robert Morberg i Posten.
Lyd og video
- Høyr John Kåre Flo ved politiet sin operasjonssentral i Ålesund. - Reporter: Leiv-Erik Bondevik.
- Høyr vakthavande i vegvesenet for Sunnmøre, Rolf Stormo. - Reporter: Hanne Suorza.
- KAOS I ØRSTA: Høyr reporter Olaug Bjørneset frå Ørsta sentrum. - Frå nyheitene klokka 11. Intervjuar: Håvard Ketil Sporsheim.
- SJÅ VIDEO FRÅ ØRSTA. - Bilda er tekne i formiddag. Foto: Heidi Hegvik.