Dersom dei får løyve frå fylket, vil dei i sommar undersøke mellom 60 og 80 kyrkjer.
Undersøkinga er ein del av eit landsomfattande prosjekt.
Prosjektet Flaggermus i kirker har til no undersøkt mellom to og tre hundre kyrkjer rundt om i landet.
Dersom Møre og Romsdal fylke gir klarsignal, blir dei altså denne sommaren å finne i kyrkjetårn og loftsrom utstyrt med lommelykt på leit etter levande flaggermus eller spor etter døde dyr.
Målet er å samle mest muleg informasjon, seier prosjektleiar Leif Gjerde.