Hopp til innhold

No er snart heile området finsøkt utan resultat

70 prosent av turområdet på Aksla er gjennomsøkt. Men politiet gir ikkje opp håpet om å finne Anja Weløy Aarseth i live.

Aksla leiteaksjon

Store delar av Aksla er finsøkt av Heimevernet, politi og Røde Kors.

Foto: Allan Eikrem / NRK

Leiteaksjon Aksla

Rundt 300 personar deltek no å leitinga etter Anja Weløy Aarseth. 150 av desse er frivillige privatpersonar.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Dei aller fleste av leitemannskapane pakka saman i 21-tida. No er området reinska. Natt til laurdag vil 24 personar frå Røde Kors og hundepatruljar halde fram søket i byfjellet Aksla. Dei har også lyttepostar.

Ein frivillig i leiteaksjonen sette seg fast i fjellet under leitinga fredag. Han var aleine, hadde ikkje mobil og blei oppdaga heilt tilfeldig. Klatrarar var sendt ut for å få ham ned.

Klokka 23.30 melde politiet at dei hadde kontroll på personen.

– Redningsgruppa har no kontroll på mannen. Politiet har ikkje sjølv vore i kontakt med han, men etter det vi får opplyst er han ikkje skada, seier fungerande stabssjef John Kåre Flo til NRK.no.

Politiet åtvarar mot å delta i søket aleine og utan mobil.

I over eit døgn har politi, Røde Kors, heimevernet, helikopter, hundar, redningsdykkarar og frivillige leita etter den sakna studenten Anja Weløy Aarseth.

Ho skulle jogge i det populære turområdet Aksla i Ålesund onsdag kveld. Etter at ho skifta til treningsklede hos bestemora, er det ikkje gjort nokre sikre observasjonar av studenten. Bilen hennar vart funnen parkert ved turområdet.

Bratt og ulendt

– Vi er snart ferdig å gjennomsøke 70 prosent av området, sa politiadvokat Yngve Skovly til NRK i 19.30-tida.

Resten av området skal finsøkast i morgon. Store delar av området som står att er så bratt og ulendt at klatrarar må bidra.

LES OGSÅ:

Leitar etter levande

Olav Ramnefjell

Olav Ramnefjell er innsatsleiar og seier at dei ikkje har gitt opp håpet om å finne 21-åringen i live.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Rundt 300 personar har delteke i leiteaksjonen i dag. Politiet har også gått frå dør til dør i ei rundspørjinga i husa i nærleiken av der bilen stod parkert og på Åse der 21-åringen er busett.

– Vi leitar framleis etter ein levande person, seier innsatsleiar Olav Ramnefjell.

Turområdet det vert søkt i er rundt tre kilometer, men likevel tar det tid å gjere finsøk. Politiet må vere sikre på at det ikkje ligg ein einaste gjenstand i det gjennomsøkte området, som kan vere av interesse.

Anja Weløy Aarseth

Anja Weløy Aarseth er sakna etter ein joggetur på Aksla i Ålesund.

Foto: Privat

– Vi har ingen tips som fører oss bort frå turområdet, så vi held fram leitinga her, seier Ramnefjell.

Søket vil halde fram i natt med redusert styrke og med fullt mannskap att laurdag føremiddag.

Hjelp frå Kripos

I løpet av kvelden kjem to etterforskarar frå Kripos til Ålesund for å hjelpe til med taktisk etterforsking. Politiet har sikra seg pc-en til kvinna og er i gang med å undersøke den. Dei har vore på hybelen hennar på Åse for å leite etter spor.

Etterforskarane undersøkjer også telefontrafikken på mobilen hennar. Den er ikkje funnen, og er avslått. Likevel er det mogleg for politiet å finne ut kvar den er. Siste trafikk frå mobilen er gjort klokka 16.47 på onsdag.

150 tips

I tillegg til leitemannskap jobbar no 20 etterforskarar med å finne ut kva som har skjedd med Anja Weløy Aarseth. Til trass for nærare 150 tips i saka, har politiet fått lite ny informasjon.

– Har du sett Anja eller har konkrete tips i saka, ta kontakt med politiet, oppmodar politiadvokat Yngve Skovly. Nummeret til politiet er 70 11 87 00.

Leiteaksjon Aksla

Arne Vermund Hope og Magne Jan Vik var to av dei frivillige som møtte opp i dag. Lars Andrè Olsen i midten leiar fredsinnsatsgruppa til Sivilforsvaret.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Anja Weløy Aarseth er om lag 170 centimeter høy. Ho er slank og har blå auge og mørkt blondt hår.

Må vere tøft for pårørande

Arne Vermund Hope og Magne Jan Vik er to av dei frivillige som møtte opp i dag for å bidra i leiteaksjonen. Begge har trent mykje sjølv i området. Dei har også born som er på same alder som den sakna.

– Eg har akkurat sendt sonen min til Volda for å studere, så dette gjer ekstra sterkt inntrykk på meg. Eg kan forstå korleis dei pårørande har det, seier Arne Vermund Hope.

Han og Magne Jan Vik har gått tre roder på Aksla i dag utan resultat.

– Eg håper framleis at det skal ende godt, seier Vik.

Kripos bistår politiet i Ålesund etter at en 21 år gammel kvinne er sporløst forsvunnet.

Kripos hjelper til politiet i Ålesund

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL