NRK Meny
Normal

Politiet får hjelp frå Kripos i Anja-saka

Politiet i Ålesund får hjelp frå Kripos i etterforskinga etter at Anja Weløy Aarseth (21) er sakna. Bestemora er siste sikre vitne.

Leiteaksjon aksla

Politiet får bistand frå to etterforskarar frå Kripos.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Bestemora til Anja Weløy Aarseth er det siste sikre vitnet som har sett 21-åringen onsdag. Dei to var på kjøpesenteret Moa på handletur onsdag ettermiddag.

– Ein gong etter klokka 17.30 drog dei heim til bestemora, slik at Anja fekk skifte til treningsklede før ho skulle ut å jogge, seier politiadvokat Yngve Skovly.

Det er gjort observasjonar av då bilen hennar parkerte ved turområdet Aksla mellom klokka 19 og 19.40.

Etter det finst det ingen spor etter studenten.

Frå dør til dør

I går og i dag har det vore ein omfattande leiteaksjon etter 21-åringen utan resultat. I ettermiddag byrja politiet å banke på dørene der bilen hennar stod parkert ved turområdet på Aksla for å gjennomføre ei rundspørjing. Også der studenten bur vert det dør til døraksjon. Politiet vil kartlegge alle bevegelsane til kvinna.

Anja Weløy Aarseth (21) Savnet etter joggetur

Anja Weløy Aarseth er sakna etter ein joggetur på Aksla i Ålesund.

Foto: Politiet / NTB scanpix

Sunnmøre politidistrikt får også hjelp frå to Kripos-etterforskarar. Dei skal bidra med taktisk bistand.

Ingen konkrete spor

–Førebels har vi ingen konkrete spor å gå etter, seier politiadvokat Yngve Skovly.

Politiet har sikra seg pc-en til kvinna og er i gang med å undersøke den. Dei har også vore på hybelen til kvinna på Åse for å leite etter spor.

Etterforskarane undersøkjer også telefontrafikken på mobilen hennar. Den er ikkje funnen, og er avslått. Likevel er det mogleg for politiet å finne ut kvar den er. Siste sikre trafikk frå mobilen er gjort klokka 16.47 på onsdag.

LES OGSÅ:

Avhøyrer vener og familie

Yngve Skovly

Politiadvokat Yngve Skovly seier at dei no får hjelp frå Kripos.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

20 etterforskarar jobbar med saka. Dei har avhøyrt rundt 20 av Anjas kjenningar og pårørande.

– Vi etterforskar breitt sidan vi ikkje veit kva som har skjedd og då har vi valt og også sette inn stor tyngde i saka, seier Skovly.

Bilen som 21-åringen disponerte vart funnen i går ettermiddag og den er framleis til undersøking. Per no har politiet difor ingen spor å gå etter frå bilen.

Nærare 300 leitemannskap held framleis på med finsøk i Akslaområdet. Det vil halde fram med uforminska styrke til det vert mørkt. Utover natta vil leiteaksjonen verte trappa ned, men den vert ikkje avlsutta, understrekar politiet.

– Vi har gjort unna 50 prosent av finsøket , seier innsatsleiar Olav Ramnefjell.

Direkterapport frå leiteaksjonen på Aksla, intervju med Olav Ramnefjell, innsatsleiar i politiet.

Nærare 150 personar deltek i søk på byfjellet Aksla.