Hopp til innhold

– Ikkje så nøye med ferje i Eidsdal

Ferjesambanda Eidsdal-Linge og Stranda-Liabygda har stadig problem. Gunnar Arntsen føler at dei ikkje har noko verdi for ferjeselskapa.

Fra Linge fergekai

Ferjesambanda Eidsdal-Linge og Stranda-Liabygda har stadig problem. Bilete tatt frå ferjekaia på Linge.

Foto: Monika Mahle Aarset

I dag har begge sambanda vore innstilte og på sørsida av fjorden i Norddal var bygdene utan samband med omverda.

Arntsen bor i Eidsdal, og jobben hans som røyrleggar gjer at han er avhengig av forbindelse til omverda. Han seier at mange i Eidsdal føler at dei ikkje har noko verdi for ferjeselskapa.

– Mange av oss som bur i Eidsdal føler at vi ikkje har noko verdi – som om det ikkje er så nøye med at Eidsdal har ferje, seier ein oppgitt Arntsen.

Han fortel at når det er problem med sambanda så set innbyggjarane igjen med dette inntrykket. Han meiner at sambandet bør prioriterast på grunn av beredskap.

– Det er eit beredskapssamband, og det er einaste vegen vi har for å kome oss til lege i Valldal.

– Synd for innbyggjarane

Bilferja som går mellom Eidsdal og Linge fekk motorhavari torsdag, og sambandet mellom Stranda og Liabygda var òg innstilt. Fungerande ordførar i Norddal, Per Magnus Berdal, meiner det er synd at dette går ut over innbyggarane.

– Det er dumt at dette skjer. Ofte er det tekniske problem som er grunnen til at sambanda vert innstilte. Det er veldig synd for innbyggjarane i Norddal, og spesielt for pendlarar som brukar ferja dagleg, seier Berdal.

Han meiner at løysinga på problema er å få inn nytt utstyr.

Ein bør oppgradere ferjekaiene slik at dei er i god teknisk stand, og det same bør skje med ferjene slik at dei ikkje er alt for gamle.

Artikkelen held fram under biletet ...

Fergelemmen Stranda

Første februar i år var Stranda–Liabygda innstilt i fleire timar etter at ferjelemmen hamna i sjøen.

Foto: Tipser

Tenkjer på konsekvensane

Driftssjef i Fjord1, Oscar Bergheim, seier sambandet Eidsdal-Linge var innstilt i dag på grunn av teknisk feil. Det var normal trafikk i sambandet frå klokka 09.30 torsdag.

Sambandet mellom Stranda–Liabygda er framleis innstilt. Fjord 1 forventar oppstart igjen tidlegast klokka 11.00.

– Den ferja som gjekk frå Stranda klokka sju fekk motorproblem, og den vart liggande i fjorden. For å sikre at det ikkje skulle skje igjen så sende vi ferja frå Eidsdal-Linge for å hjelpe Sykkylvsfjord-ferja. Difor vart det sambandet òg innstilt, seier driftssjefen.

Dei fekk start på motoren igjen, og dei kom seg i lang på vanleg måte. Det har tidlegare vore problem med Sykkylvsfjord ofte, og difor tok Fjord1 ut ferja for opprusting.

– Sykkylvsfjord kom tilbake i går med flunkande ny motor, og difor var det uheldig og skikkeleg uflaks at vi fekk motorproblem i dag. Dette skal vi få fiksa i løpet av ein dag eller to, slik at ferjene er tilbake i normal rute, seier Bergheim.

Ved enkelte høve vert det sett i gong eit trekant-samband for å dekke nabosambanda.