Nemda meiner at Fjord 1, MRF ikkje har tatt nok omsyn til nokon av ønska frå innbyggjarane i området.
Mest skuffa er dei over at ferja mellom Sæbø og Leknes skal ligge stille om morgonen mellom klokka sju til kvart over åtte om vinteren.
Ferjenemda meiner dette er heilt uakseptabelt, fordi mange personar frå bygdene får problem med å kome seg på arbeid dersom ferja ikkje går i dette tidsrommet.