Hopp til innhold

200 menneske på øya er avhengige av ferja – så krasja ho i kaia

Ingen av øybuarane kan bruke ferja lenger etter at ho brasa inn i ferjekaia natt til måndag. No ber innbyggarane om at noko skjer.

Øydelagt ferjekai på Kvamsøya

Det er omfattande skadar på ferjekaia etter at ferja brasa inn i lemmen natt til måndag. Etter det har trafikken stoppa heilt.

Foto: Arne Flatin / NRK

Det blei ein sørgeleg dag for mjølkebonde Alfred Ristesund på Kvamsøya på Sunnmøre. I eit land som skrik etter fersk, norskprodusert mjølk, måtte han tappe ut tusen liter tidlegare i dag.

– Nei, den går i sluken, og det kjem den sikkert til å gjere ein gong til. Det er no litt trasig, seier han.

Mjølkebonde tømmer ut mjølk

Alfred Ristesund ville gjerne sleppt å spyle ut mjølka frå kyrne sine.

Foto: Arne Flatin / NRK

For kyrne hans må mjølkast, og mjølka kan ikkje lagrast for lenge på garden. Mjølkebilen som normalt hentar, har dei ikkje sett sidan sist veke.

– Dramatisk periode

Natt til måndag køyrde ferja rett inn i kaia. Det sette ein stoppar for all ferjetrafikk til og frå øya. Vanlegvis går ferja frå tidleg morgon til seint på kveld mellom øyane på sunnmørskysten og inn til fastlandet.

Ole-Andre Beitveit

Ole-Andre Beitveit skulle gjerne brukt ferja som vanleg.

Foto: Arne Flatin / NRK

No er folk avhengige av å få skyss med ambulansebåten dersom dei må inn til fastlandet.

– Utruleg kjedeleg. Det er forferdeleg å ikkje ha ferje når det er einaste måten vi kan kome oss til og frå øya på, seier Ole-Andre Beitveit.

Jostein Korsnes og Kari Ristesund

Kari Ristesund og Jostein Korsnes kjenner seg isolerte etter at ferja blei innstilt.

Foto: Arne Flatin / NRK

Han får støtte frå Jostein Korsnes:

– Det er naturlegvis ein til dels dramatisk periode dette her, å ikkje kunne vere tilknytt omverda elles. Vi er vande med å bruke bil og kome oss hit og dit. No er det berre båt til næraste tettstad Larsnes, seier han.

Håper på snarleg løysing

Hjørnesteinsbedrifta Brimer Kvamsøy produserer tankar av glasfiber, og er heilt avhengige av å få køyrt varene ut til kundane.

Den siste tida har det vore fleire utfordringar med ferjene. Hovudferja har hatt tekniske problem, og då reserveferja blei sett inn, kolliderte ho altså i kaia.

No blir det store forseinkingar.

Dagleg leiar Håvard Haanes håper det blir ordna opp i problema raskt.

Håvard Haanes

Dagleg leiar Håvard Haanes i Brimer Kvamsøy smiler, men er ikkje glad for at ferjekaia er øydelagt.

Foto: Arne Flatin / NRK

– For oss skjedde det på det mest ugunstige tidspunktet. Vi har montørbytte kvar fjortande dag, måndagane. Alt av lastebilar, trailerar, bilar og utstyr var her ute. Og så skjer det akkurat då. Vi håper inderleg at det snart kjem på plass igjen, for vi er heilt avhengig av ferje, seier han.

Blir fiksa torsdag

Ferjekaia skal etter planen bli fiksa torsdag. Jesper Wiig, samferdselsdirektør hos Møre og Romsdal fylkeskommune, seier at det var ein berande konstruksjon på ferjekaibrua som blei totalskadd slik at den må bytast.

– Det er ein litt større operasjon, men om alt går etter planen så vil ferjekaia vere oppe og gå igjen i løpet av ettermiddagen.

Wiig seier at det har vore ein krevjande prosess å få på plass ei ferje i sambandet Larsnes – Åram – Voksa – Kvamsøya. Dei har difor hatt eit samarbeid med alle dei tre reiarlaga som dei har kontraktar med, Fjord1, Norled og Torghatten.

– Dette er eit såkalla fartsområde tre. I fylket har vi berre ni ferjer som kan gå i dette fartsområdet, men berre tre av desse ferjene kan gå på dei mindre ferjekaiene som er der, seier Wiig.

– Kva tenker du om at dette er så sårbart?

– Vi har god regularitet, men ting kan skje, og no har vi vore litt uheldige i det siste. Men no er det i alle fall bra at vi får starta opp igjen dette sambandet.

Ferjekai Kvamsøya

Ferjekaia på Kvamsøy er ikkje brukandes etter at ferja kolliderte der natt til måndag.

Foto: Arne Flatin / NRK