Hopp til innhold

Ferdigbehandla pasientar skaper kaos

Medisinsk avdeling ved Kristiansund sjukehus har no så mange ferdigbehandla pasientar liggande at avdelinga er i ferd med å bryte saman.

Korridorpasient
Foto: Stig Morten Waage / NRK

I dag ligg det 37 pasientar på medisinsk avdeling i Kristiansund, som eigentleg berre har senger til 28. Fleire av pasientane er ferdigbehandla og har vore det ei stund. Konsekvensen er at planlagde innleggingar har blitt avlyst.

– Dersom det skulle kome epidimitilstander med influensa eller andre ting blir det veldig vanskeleg. Då må vi kanskje opne lokale som ikkje er i drift eller så må kommunen kome inn med andre strakstiltak, seier Britt Andersen. Ho er avdelingssjef ved Kristiansund sjukehus.

LES OGSÅ:

Problem med isolat

Andersen meiner beredskapen er svekka for dei som treng raskt hjelp, når der ikkje er senger til disposisjon. Ei full avdeling kan også gjere at det blir problematisk for pasientar som treng å ligge i isolat. Ein annan konsekvens kan vere at enkelte pasientar må reise tidlegare frå sjukehuset enn dei burde.

– Det hastar absolutt med å finne ei løysing, seier Andersen.

Redusert tal på institusjonsplassar

11 av dei ferdigbehandla pasientane på medisinsk og kirurgisk avdeling høyrer til Kristiansund kommune. Einingsleiar Kjetil Leirbekk seier at kommunen ser at det er ei utfordring med ferdigbehandla pasientar som vert liggande på sjukehuset.

– Det vi konkret gjer no for å betre på situasjonen er at vi opnar opp att ein del plassar, slik at vi allereie i dag kan ta imot fleire, seier Leirbakk.

Kristiansund kommune har vore gjennom ei omstilling og har difor redusert talet på institusjonsplassar. Dei er i gang med å starte opp att eit korttidstilbod ved Storhaugen helsehus.

– I skiftet mellom nedbygging og oppbygging, verkar det som vi har fått ein topp med pasientar på sjukehuset, seier Leirbekk.

Også ved sjukehuset i Ålesund er det problem med utskrivingsklare pasientar. Denne veka har det vore 21 ferdigbehandla pasientar liggande på medisinsk avdeling.