Hopp til innhold

Fem organisasjonar melder Statkraft til politiet

Norske Lakseelver, Naturvernforbundet, Norges jeger- og fiskerforbund, Sabima og Reddvillaksen melder Statkraft til politiet for brot på Vassressurslova og straffelova i samband med slamutsleppet til det nasjonale laksevassdraget Surna i 2022.

Frå før har Statsforvalteren, Surnadal kommune og Surna elveeigarlag også meldt Statkraft til politiet for den same saka.

Knut Fjerdingstad, pressekontakt i Statkraft, seier tek desse til etterretning.

– Vi har beklaga denne hendinga mange gonger og vi tek det veldig alvorleg. Det vi jobbar med no, og først og fremst er opptatt av, er å finne gode løysingar slik at vi får rehabilitert elva så fort som mogleg slik at den blir i same tilstand som før, seier han.

Fjerdingstad seier at det ikkje er ofte dei opplever å bli meldt til politiet, men at det var ein spesiell situasjon og at dei jobbar for å rette opp i konsekvensane av utsleppet.

Slam i Surna. En fra elveeierlaget demonstrerer slammengden høsten 2023, et år etter utslippet til Statkraft.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK