Hopp til innhold

Fekk køyreforbod – stakk av med farleg last

Politiet og Vegvesenet fleire stadar i landet jaktar no på to yrkessjåførar frå Aust-Europa som strakk av etter ein kontroll i Romsdalen torsdag.

Uloveleg trailer

Det eine vogntoget var lasta med armeringsmatter som stakk utanfor køyretøyet på begge sider.

Foto: Statens vegvesen

Det var under ein storkontroll på Horgheim torsdag at dei to utanlandske vogntogsjåførane blei stoppa og fekk køyreforbod av politiet. Det eine vogntoget hadde svært dårlege bremser, medan det andre var lasta med armeringsmatter som stakk utanfor køyretøyet på begge sider.

Då kontrollen var avslutta trossa dei to sjåførane køyreforbodet og stakk av. Frank Sandvik, kontrollansvarleg i Statens vegvesen, seier dei ser svært alvorleg på saka.

– Spesielt med tanke på trafikksikkerheita. Den eine lastebilen hadde ein alvorleg feil på bremsene. Det seier seg sjølv at det kan gå skikkeleg gale om han plutseleg må bremse hardt.

– Den andre hadde utstikkande og umerka last, noko som er kjempefarleg for møtande trafikk. Dei utstikkande armeringsmattene kunne i verste fall ha gjort alvorlege skader på både folk og materiell, seier han.

Leitar sørover

Vegvesenet har vore i kontakt med selskapet som fekk leveransen med armeringsjern, og sjåføren skal ha lossa jernet tidleg fredag morgon. Men både politi og Vegvesenet jaktar framleis på dei to sjåførane.

Kjellbjørn riise Johansen

Både politiet og Vegvesenet jaktar på dei to yrkessjåførane frå Aust-Europa.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Vi har kontakta både politi og kontrollgruppa sørover i landet. Dei er på utkikk etter begge desse vogntoga, seier Sandvik.

Og blir dei tatt kan sjåførane vente seg kraftige reaksjonar.

– Vedkomande vil bli meldt og bøtelagt, og saka blir følgt opp av politiet, seier Kjellbjørn Riise Johansen, politiets koordinator i trafikkontrollen.

Stakk av

Ingen av vogntoga hadde blitt sikra med hjullås og hadde difor moglegheita til å stikke av.

– Vi har hjullås, men alle var i bruk då desse køyretøya blei stoppa, forklarar Frank Sandvik, kontrollansvarleg i Statens vegvesen.

Frank Sandvik

Frank Sandvik, kontrollansvarleg i Statens vegvesen, seier at dei ser svært alvorleg på saka.

Foto: Frode Berg / NRK

Vogntoget som hadde dårlege bremser hadde i tillegg lovd å reise til eit verkstad for å få utbetra skadane.

– Vi hadde gjort ein avtale med føraren om ein verkstadtime på Åndalsnes, då er det veldig upraktisk å ha på hjullås. Han følgde derimot ikkje opp avtalen, seier Sandvik.

Det andre vogntoget trudde kysten var klar og stakk frå staden like etter kontrollen var avslutta i Romsdalen torsdag kveld. Kontrollpersonell frå Statens vegvesen prøvde å stoppe vogntoget frå å reise.

– Dei lukkast dessverre ikkje. Vi leita etter vogntoget i ein heil time, og politiet blei også informert, men vi fann det ikkje, seier Sandvik.