Hopp til innhold

Storaksjon for å stoppe trafikksyndarane

Rundt 2500 køyretøy blei stoppa i ein omfattande trafikkontroll i Romsdalen i dag.

Storkontroll Romsdalen 150916

Ein rekke etatar hadde torsdag ein omfattande kontroll i Romsdalen.

Foto: Ann-Eli Nøsen / NRK

UP, Møre og Romsdal politidistrikt, tollvesenet, ATK-sentralen, og Statens vegvesen arrangerte torsdag ein storkontroll i Romsdalen.

Kjellbjørn riise Johansen

Kjellbjørn Rise Johansen, kontrollansvarleg i Møre og Romsdal politidistrikt, er svært fornøgd med dagens kontroll.

Foto: Remi Sagen / NRK

Om lag 2500 køyretøy blei kontrollert i den omfattande aksjonen og på eit tidspunkt blei heile Romsdalen stengd for trafikk.

To yrkessjåførar blei tatt med promille og blei fråteke førarkortet. Fire bilar blei avskilta og to førarar blei meldt for køyring utan gyldig førarkort. Ein bilførar blei stoppa og er mistenkt for rusa køyring medan ein annan blei mistenkt for promillekøyring. Minst fem personar blei også meldt for køyring med kraftig overlast.

– Vi er veldig fornøgd med dagens kontroll. Den har også blitt godt mottatt av dei vi har stoppa, seier Kjellbjørn Rise Johansen, kontrollansvarleg i Møre og Romsdal politidistrikt.

Vil stoppe trafikksyndarane

Dette er første gongen det nye politidistriktet gjennomfører ei slik storsatsing saman med fleire etatar.

Per Einar Hollum

Per Einar Hollum trur at etatane kan stoppe fleire trafikksyndarar når dei jobbar saman.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Alle etatane som er her i dag har ei hovudmålsetting om å redusere talet på hardt skadde og drepne i trafikken, seier Per Einar Hollum, distriktsleiar i UP.

Han meiner at denne fellesaksjonen gir dei eit styrka utgangspunkt for å stoppe både risikokøyrarar og risikokøyretøy.

– Det er klart at når vi samlar oss om ein slik kontroll så får vi verkeleg fjerna ein del av dei som ikkje bør vere på vegen, seier Hollum.

Han synest at dagen aksjon viser kva ein kan få til dersom fleire etatar jobbar saman mot eit felles mål.

– Eit fint eksempel på kor effektivt det er med slik kontrollar er eit av vogntoga som blei stoppa i dag. Det var betydeleg overlasta og såg verkeleg ikkje bra ut, men vi fekk stoppa det før uhellet var ute.

Omfattande kontroll

Alle trafikantane blei promille- og rustestet.

Trafikkontroll Rauma 150916

Rundt 2500 køyretøy blei kontrollert.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Vi veit at mange alvorlege ulukker er knytt til rus. Dersom vi klarer å luke ut ein ruskøyrar så er det med på å påverke statistikken, seier Hollum.

Men det var ikkje berre rus- og promillekøyrarane dei var ute etter å ta. I tillegg sjekka etatane sertifikat, diesel, last og såg etter teikn til smugling på smuglarruta inn til fylket.

– Vi har hatt betydelege beslag på denne ruta tidlegare. Det er mange kriminelle som ferdast langs vegane og vi er også på utkikk etter kriminelle forhold når vi har slike kontrollar, seier Hollum.

Laster Twitter-innhold