Fryktar krigsretorikk vil øydelegge kampen mot vindkraft

Kampen mot vindkraft hardnar til. Leiaren i Nei til Vindkraftverk på Haramsøya er sterkt imot bruk av krigsretorikk, men er redd trykket frå folkedjupet vil auke om ikkje politikarane stoppar utbyggingane.

Hans Petter Thue blir tatt bort av politiet på Haramsøya. Vindkraft.

POLITIET GREIP INN: Hans Petter Thue flytta seg ikkje frå den delen av vegen familien hans eig då ferdselsforbodet til politiet starta gjelde måndag 24. august. Til slutt blei han fjerna med makt.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

For ei veke sidan blei vindkraftmotstandar Hans Petter Thue i Motvind Haramsøy fjerna med makt og tatt med vekk i politibil, fordi han nekta å godta ferdselsforbodet, eit forbod politiet innførte på deler av Haramsfjellet i arbeidstida til entreprenøren som skal sette opp vindturbinane.

Ville rekruttere «kanonføde»

Etter dette gjekk Motvind Norge ut med denne meldinga på Facebooksida si:

«Vi trenger «kanonføde» som kan være med på å forsvare menneskerettigheter og miljø på Haramsøya og Frøya. Med kanonføde mener vi folk som er villig til å stå opp mot urett og ikke flytter seg på ordre fra politiet».

Sms fra Motvind Norge.

SMS frå Motvind Norge

Foto: Skjermdump

– Eg fekk kaffien i vrangstrupen då eg såg dette, seier leiaren i Nei til Vindkraftverk på Haramsøya, Birgit Oline Kjerstad.

Ho kjempar knallhardt gjennom det politiske systemet i rettsapparatet for å få stoppa vindkraftverket som er under bygging på øya. Ho seier folket har gått til sivil ulydnad for å bremse anleggsarbeidet i påvente av ei politisk eller juridisk prøving av saka.

– Krigsretorikk og sivil ulydnad høyrer ikkje saman. Det er ikkje alle utspel og initiativ som er like gjennomtenkte, og feil ord kan fort øydelegge for saka, seier ho.

Ho understrekar at ho er kjapp med å gi tilbakemelding til dei som har tatt initiativ til slikt, med å seie kva ho meiner om det.

– Men utan at sentrale politikarar tek ansvar og viser litt politisk mot, er eg redd trykket frå folkedupet vil auke. Vi har ikkje noko interesse av å piske opp stemninga, men vi kan heller ikkje la vere å kjempe for felles verdiar, seier ho.

Ullahornet på Haramsfjellet

I dette området på Haramsfjellet skal det bli vindkraftverk.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Organisasjonen Nei til vindkraftverk på Haramsøya, har også ei open Facebookside som har gått frå 300 til 33 000 følgjarar på eitt år. Kjerstad seier at nokre har jobba nesten døgnet rundt med å følge den opp.

– Sosiale medier har sine sider, og vi vil ikkje at den skal bli usosial, for å seie det slik. Vi har vurdert å stenge ned heile sida, men då seier politiet at det er betre å ha kontroll på det. Vi prøver no så godt vi kan å luke ut det som ikkje høyrer heime der, seier ho.

Birgit Oline Kjerstad

Birgit Oline Kjerstad er leiar i organisasjonen Nei til Vindkraftverk på Haramsøya.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Vil ha smilande motstand med norske flagg

Ho gav difor klar beskjed til styreleiaren i Motvind Norge då meldinga om kanonføde kom. Styreleiar Eivind Salen, seier at han har stor respekt for Kjerstad, og at han er samd med henne.

– Vi trur på smilande motstand med norske flagg. Motstanden skal vere verdig og synleg. Dersom vi skal ty til sivil ulydnad, skal det skje i tett dialog med politiet, seier han.

Eivind Salen, styreleder i Motvind Norge

Eivind Salen, styreleiar i Motvind Norge

Foto: Motvind Norge

Han seier dei har ein stor jobb å gjere for å få stoppa vindkraftutbygginga i Noreg, og at mange er fortvila fordi det er vanskeleg å få regjeringa og regjeringspartia til å røre seg i det heile tatt.

– Eg er ikkje redd for at motstanden skal eskalere. Vi har 17 000 medlemmer, og titusenvis som er engasjerte. Alle er glade i natur, folk og distrikta. Vi er idealistisk anlagt og har ikkje lyst til at det skal eskalere, seier Salen.

– Må oppføre seg verdig

Han presiserer også at alt tyder på at den einaste vegen å gå er å oppføre seg verdig, slik at folk får sympati med motstanden.

– Kvifor går de då ut og ber folk melde seg som kanonføde?

– Vi gjer ikkje det. Vi oppmodar folk til å stille seg i vegen. På Haramsøya er det no ferdselsforbod på det einaste fjellet dei har, altså ferdselsforbod i friluftsområdet. Vi meinre dette ikkje er riktig, og vi har mange med oss i det, seier Eivind Salen.

I forrige veke sa generalsekretæren i Motvind, Rune Haaland til NRK at det hadde vore god respons på meldinga dei sende, der dei bad folk om å melde seg til «heimestyrkar» som raskt kan bli mobiliserte til aksjonar, der dei skal sperre vegen og vere budde på å bli fysisk fjerna av politiet.

– Vi er overvelda over at så mange melder seg til den type arrangement. Når ein inviterer folk til å ta ei bot på 8000 kroner, var det overraskande høgt, sa generalsekretær Rune Haaland. Onsdag hadde 50–60 meldt seg til teneste.

Ein slags form for nødrett

Historikar Knut Are Tvedt seier at sivil ulydnad er ein slags form for nødrett som opp igjennom historia har blitt brukt når folk føler seg overkøyrde av styremaktene. Eit viktig prinsipp før dette skjer, er at alt anna skal vere prøvd først.

Den første aksjonen for vern av natur var Mardøla-aksjonen for 50 år sidan. Tvedt var sjølv med på denne aksjonen. Han presiserer at sivil ulydnad som aksjonsform aldri skal vere valdeleg.

– Slike aksjonar blir utført av vanlege samfunnsborgarar, som lever vanlege liv, og som er direkte råka av inngrepet. Dei er ikkje rebellar eller revolusjonære elles, seier han.

Han seier slike aksjonar sjeldan fører til at utbygginga blir stoppa, men det kan føre til ei endring av politikken i etterkant.

Vindkraftaksjon på Haramsøya

Politi mot aksjonistar på Haramsøya då fredselsforbodet starta i forrige veke.

Foto: Tipsar

Utbygginga av dei 8 vindturbinane på Haramsøya er godt i gang, men denne veka vedtok Ålesund kommune å støtte Nei til Vindkraftverk på Haramsøya med 500 000 kroner til rettssaka mot staten. Målet med saka er å få kjent konsesjonen på øya ugyldig. Rettsaka startar i slutten av september.

– Det er viktig å forstå at det ikkje er slik at alt som skjer her ute er sett i gang av Nei til Vindkraftverk på Haramsøya. Her er mange ting som skjer samtidig, og så sit vi midt i det og må handtere det på ein slik måte at det ikkje øydelegg for saka, seier Birgit Oline Kjerstad.