Hopp til innhold

Ber folk melde seg som «kanonføde» i vindkraftkampen

Organisasjonen Motvind Noreg rekrutterer no folk som er villige til å bryte opphaldsforbodet på Haramsøya og Frøya.

Hans Petter Thue blir arrestart etter å ha nekta å flytte seg.

Hans Petter Thue vil hindre bygging av åtte vindturbinar på Haramsøya og nekta å flytte seg. Måndag blei han arrestert.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Vindkraftmotstandar Hans Petter Thue blei arrestert av politiet på Haramsøya måndag då han nekta å flytte seg. Folk rundt han sang nasjonalsongen og hylla han som ein helt.

No vil Motvind Noreg rekruttere fleire som Thue. Folk som er villige til å fysisk stille seg i vegen for anleggsarbeidet. Organisasjonen planlegg mellom anna pakketurar til dei omstridde vindkraftanlegga på Haramsøya og Frøya. Turane er for folk som er villige til å ta bøter.

«Vi trenger «kanonføde» som kan være med på å forsvare menneskerettigheter og miljø på Haramsøya og Frøya. Med kanonføde mener vi folk som er villig til å stå opp mot urett og ikke flytter seg på ordre fra politiet», skriv Motvind Norge på Facebooksida si.

Opprettar "heimestyrkar"

Måndag sende organisasjonen ut tekstmelding til 470 medlemmar i Ålesund kommune, med spørsmål om dei er villige til å gjere seg skuldig i sivil ulydnad. Mellom 50 og 60 har meldt seg til teneste hittil.

– Vi er overvelda over at så mange melder seg til den type arrangement. Når ein inviterer folk til å ta ei bot på 8000 kroner, var det overraskande høgt, seier generalsekretær Rune Haaland.

Dei ønsker med dette å opprette det dei kallar «heimestyrkar» i nærområdet. Desse kan raskt bli mobiliserte til aksjonar, der dei skal sperre vegen og vere budde på å bli fysisk fjerna av politiet.

Aksjonistar på Haramsøya med politi

Det er innført opphaldsforbod på anleggsområdet. Motvind Norge er usamd i dette fordi delar av vegen er eigd av ein privatperson. Dei vil bruke advokat dersom folk blir bøtelagt for å bryte forbodet.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Haaland seier at dei som får bøter vil få hjelp av Motvind til å prøve den for retten.

– Vi vil køyre bøtene gjennom rettsapparatet, heilt til internasjonale domstolar om det er nødvendig, seier han.

– Bøtene kan få konsekvensar

Politistasjonssjef i Møre og Romsdal, Oddbjørn Solheim, likar dårleg rekrutteringsaksjonen til Motvind Noreg.

Oddbjørn Solheim, politistasjonssjef, Møre og Romsdal politidistrikt

Politistasjonssjef Oddbjørn Solheim meiner det er uansvarleg å oppmode om sivil ulydnad.

Foto: Frode Berg / NRK

– Det er uansvarleg av ein leiar å oppmode til lovbrot, seier Solheim. Han seier at dei som let seg verve ikkje berre risikerer å få 8000 kroner i bot.

Han forklarar at bota er knytt til den einskilde og kan få konsekvensar for val av jobb, reise og utdanning i framtida.

Solheim meiner det er på tide å roe ned. Sjølv trur politistasjonssjefen at vindkraftkampen må løysast politisk eller i rettssalen.

Nasjonal innsatsstyrke

Motvind Noreg jobbar også med å opprette det dei sjølve omtalar som ein nasjonal innsatsstyrke. Den skal bestå av ti personar som kan rykke ut på kort varsel når som helst i Noreg. Dei held på å rekruttere folk med leiarerfaring som skal leie aksjonar i felt.

Organisasjonen har alt skaffa to køyretøy til dette, ein feltvogn med ni sitteplassar og ei bueining med plass til ti. I tillegg vil dei lyse ut to stillingar til eit hovudkvarter i Oslo.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Krev at ei samtykkelov kjem på plass no