Kampen om vatnet

Det er 50 år sidan den første aksjonen mot vasskraftutbygging her i landet. Dei som kjempa, har ikkje gitt opp håpet om å vinne til slutt.

Eikesdal, Møre og Romsdal, august 1970: Marit Wadsten (9) går opp fjellsida saman med søstera si Kristin (10) og onkelen Styrkar Wadsten. Onkelen har ein stor sekk med telt, soveposar, kle og mat. Søstrene deler på å bere ein litt mindre sekk.

Stien snirklar seg bratt oppover den fuktige lia i over 50 svingar.

Litt lenger borte durar Mardalsfossen heftig. Vatnet styrtar 279 meter ned i fritt fall. Til saman er fossefallet 655 meter, og ein stor turistattraksjon.

Det er tungt. Dei går likevel svært målretta frå Eikesdalen og opp mot Sandgrovbotnen, 1000 meter over havet. Men jentene blir litt for ivrige. I det Marit skal gi sekken til Kristin, mister dei taket, og den går kast i kast nedover mot dalen igjen. Onkelen spring etter, men sekken er borte.

Det er ikkje eit alternativ å snu. Dette er den viktigaste fjellturen dei har gått. Dei er klare til å kjempe.

9 år gamle Marit veit ikkje at kampen skal vare i over 50 år.

Mardøla-aksjonen

Mardalsfossen før utbygginga.

Foto: Scanpix

Kjende seg lurt

Fornybar energi er ofte omtalt som grøn energi. Men dei som bur i områda der det blir bygd vindturbinar eller store vasskraftverk, veit at også dette har sin pris.

I Eikesdalen og Eresfjord, der Marit Wadsten budde med familien sin, hadde dei alt gitt frå seg mykje vatn til kraftproduksjon lenge før 1970.

Grunneigarane i dalen selde fallrettane sine for til saman rundt 71.000 kroner tidleg på 1900-talet. Dei vart lova straum, gatelys, trikk, fabrikkar og utdanning. Det var også sagt at kraftutbygginga skulle skje i eige dalføre.

Men dei måtte sjå langt etter det dei vart lova.

Dalen fekk aldri trikk og fabrikk, og utbygginga av Aura-vassdraget i 1953, og ei ny utbygging nokre år seinare, gjekk til nabokommunen Sunndal. Vatnet vart ført ut av dalen, og bøndene følte seg lurt.

Det var nok eit mektig vassdrag i dalen som kunne gi kraft. Men i 1958 råda NVE sitt hovudstyre til at planane om å bygge ut Mardøla-vassdraget måtte skrinleggast. Dei meinte grensa for kor mykje vassdraget kunne tole var nådd, og at ein ikkje visste konsekvensane av ytterlegare reduksjon.

Dermed slo folket seg til ro med at dette vassdraget ikkje ville bli tatt.

Difor var det mange som var sinte og fortvila då nok ei utbygging vart varsla. Grytten-utbygginga ville påverke grunnvatnet og klimaet i dalen enda meir, og bøndene var redde for livsgrunnlaget sitt.

Dersom vatnet vart overført til nabokommunen Rauma, og utbygginga kom der, ville også den mektige turistattraksjonen Mardalsfossen bli borte.

«Ikkje øydelegg bygda vår!»

Eikesdalen og Eresfjord var spesielt godt eigna for å drive jordbruk. Doggdropane frå fossane og elva gjorde at vatning av avlinga stort sett var unødvendig. Det var ikkje råd å tørke kle ute på vekevis når Mardalsfossen var i flaum. Dalen var som eit drivhus, og elvane var gode lakseelvar. Dersom meir av vatnet forsvann, ville det brått bli vanskeleg å drive gard under dei stupbratte fjella.

Foreldra til Marit Wadsten hadde akkurat bygd seg nytt hus der dei budde med dei fire borna sine. Huset låg rett ved sida av huset til farmora og farfaren på Slenes i Eresfjorden.

Familien hadde lakseelv, kyr, sau og gris, og dyrka grønsaker. Dei var livredde for at vatnet skulle bli borte, og engasjerte seg sterkt i kampen mot utbygginga saman med dei fleste andre i bygdene.

Faren til Marit gjekk rundt med underskriftslister mot utbygginga, og det var berre ei handfull av bygdefolket som ikkje signerte.

Marit var med i 4H, og leiarane der ville også kjempe. Då industrikomiteen på Stortinget kom på synfaring i mai 1970 hadde 15–20 born stilt seg opp slik at politikarane måtte gå gjennom ein korridor med plakatar.

På Marit sin plakat sto det: «Ikkje øydelegg bygda vår!»

Fekk hjelp

Det var ikkje berre bygdefolket som kjempa mot utbygginga med plakatar og underskriftslister. Økofilosofen Sigmund Kvaløy Setreng var ein av dei som prøvde å påverke politikarane til å gå imot ei utbygging.

I 1969 tok han initiativet til å danne Samarbeidsgruppene for natur- og miljøvern. Dei meinte at sivil ulydigheit -utan bruk av vald- måtte til der viktige naturverdiar sto i fare.

Sigmund Kvaløy Setreng, frå filmen "Kampen om Mardøla" (1972) av Oddvar Einarson

Sigmund Kvaløy Setreng

Foto: NRK

– Det viktigaste er at ein handlar, og at ein handlar rett, som om den utopien ein trur på er mogleg å realisere, sa han.

Kvaløy Setreng ville kjempe mot Grytten-utbygginga, saman med blant andre filosofen Arne Næss.

18. juni 1970 var skjebnedagen i Stortinget. Debatten var lang og hard. Representanten Hans Hammond Rossbach frå Venstre og Møre og Romsdal forsøkte å kjøpe motstandarane tid ved å fremme eit utsetjingsforslag. Han meinte det var feil å vedta utbygginga før Stortinget hadde diskutert hovudlinjene i landets framtidige energipolitikk.

«Det er viktig å se Mardalsfossen i sammeneheng med hele det fysiske miljø i fjellet og i bygdene. Samspillet mellom natur og kultur, fjell og bygd, elver og vatn gjør området verneverdig.» sa han.

Han fikk støtte fra Einar Førde frå Arbeiderpartiet.

«Denne gongen vil ein enda sterkare del og større del av folkeopinionen protestere, og om nokre år vil denne opinionen vere sterk nok. Men i mellomtida har vi kvitta oss med ein av dei vakraste bitane i vår natur.»

Men forslaget om å utsette vedtaket fekk berre 16 stemmer, 117 stemte mot. Å skaffe meir kraft til eit område med stor industriutvikling var for viktig til å vente, meinte fleirtalet.

18. juni 1970 vedtok Stortingsfleirtalet med 88 mot 41 stemmer at vatnet frå Mardøla skulle førast bort frå Mardalen i Eikesdalen, til Grytten kraftverk i nabokommunen Rauma.

Dei var likevel ikkje heilt sikre på at det dei gjorde var rett. Difor vedtok dei å bygge sluser ved kraftverket, slik at det gjekk an å sende vatn tilbake til Eikesdalen. På denne måten kunne Mardalsfossen sleppast fri igjen dersom det i ettertid skulle vise seg å vere feil å fjerne fossen frå dalen.

Dersom denne tredje kraftutbygginga i dalen blei gjennomført, ville 70 prosent av vatnet i dalen vere vekke.

Kampen for Mardøla

Det var difor Marit, Kristin og onkel Styrkar no var på veg opp til Sandgrovbotnen der utbygginga skulle skje.

Sekken med ekstra mat og den fine genseren bestemor hadde strikka, låg igjen langt der nede i dalen under dei.

Marit klarte ikkje la vere å tenke på at dei kanskje aldri skulle finne den att, men gjekk likevel vidare.

Der borte på anleggsvegen hadde det samla seg mykje folk med plakatar. Ei god blanding av tilreisande miljøvernarar og lokale bønder. Nokre song og spelte gitar.

Mardøla-aksjonen

Mardøla-aksjonen varte frå 25. juni til 27. august 1970. Aksjonistane rigga seg til oppe på fjellet helga før arbeidet skulle starte, måndag 27. juni.

Foto: Scanpix

Det var god stemning.

Leiaren av aksjonen, Sigmund Kvaløy Setereng, hadde fått hjelp av ein bonde frå Eikesdalen med å smi lenker, slik at aksjonistane kunne bore boltar inn i fjellet og lenke seg fast. Plakatar og banner vart måla og gjort klare på låven på Reitan Gard og Pensjonat.

Då anleggsarbeidet skulle starte 27. juli, var det stort sett folk frå bygdene nede i dalen som hadde rigga seg til i teltleiren, saman med Sigmund Kvaløy Setreng, familien hans og nokre få frå Samarbeidsgruppene for natur- og miljøvern. Etter kvart kom det fleire hundre menneske frå fleire land for å delta, og aksjonen fekk god dekning i media i inn- og utland.

Onkel Styrkar Wadsten slår opp teltet i Sandgrovbotnen. Marit og Kristin er klare til å aksjonere.

Onkel Styrkar Wadsten slår opp teltet i Sandgrovbotnen. Marit (til høgre) og Kristin er klare til å aksjonere.

Foto: Arkiv / NRK

Marit synest det var rart at folk kalla dei hippiar.

For henne var dette bøndene i dalen som kjempa for vatnet sitt, saman med blant andre politikaren Odd Einar Dørum (V), filosofen Arne Næss og forfattaren Finn Alnæs.

Dette var siste utveg.

Ungdomspolitikaren Dørum fekk kritikk for å delta på aksjonen, men han avviste kritikken slik:

Mardøla-aksjonen

Odd Einar Dørum (V) aksjonerte for Mardøla.

Foto: NRK

– Natur har ein verdi som bør vernast. Aksjonen er rett fordi statsbyråkratiet er blitt så velutvikla på mange område at å gjere det på denne måten er ein av dei få måtane å bli høyrt på.

Det kjendest også heilt rett for Marit og dei to andre å slå opp teltet og støtte aksjonistane denne augustnatta.

Motaksjon

Mardøla-aksjonen sommaren 1970 er kjend som verdas første sivil ulydigheitsaksjon for vern av natur, med bruk av ikkjevaldsprinsippet.

Mardøla-aksjonen

«Raumahæren» ville jage vekk aksjonistane.

Foto: NRK

Aksjonistane kjempa ein månad. Namnelister viser at det var førti frå Eikesdalen og femti frå Eresfjorden som deltok fysisk i aksjonen. Det var åtti personar som budde i Eikesdalen då – dei som ikkje var oppe i sjølve leiren, var heime og stelte dyr, gard og ungar. Dei deltok ved å gi tilreisande overnatting, mat, kle og utstyr.

Sommaren 1970 blir omtala som ein einaste stor dugnad i bygda.

Den mest dramatiske hendinga under aksjonen skjedde 6. august, då mange hundre personar frå Rauma starta ein motaksjon. Dei var sinte fordi tilreisande aksjonistar ville stoppe Grytten-utbygginga.

– Dersom ikkje leiren blir fjerna, kan kva som helst skje, var beskjeden aksjonistane fekk.

Det er usikkert kor mange dei eigentleg var, men leiaren for motaksjonen seier i dokumentarfilmen «Kampen om Mardøla» av Oddvar Einarson at det var 1000 i den såkalla Raumahæren.

Mardøla-aksjonen sto fast på sitt ikkjevaldsprinsipp, og gjekk difor med på å fjerne leiren innan klokka 12 neste dag. Politiet sette deretter opp sperrebom på anleggsvegen.

Men dei som ikkje var der akkurat då «avtalen» blei inngått, heldt fram med å aksjonere med stor kreativitet og innsatsvilje. Nye aksjonistar bar ei folkevognboble over sperrebommen, og frakta folk i skytteltrafikk opp til anleggsområdet på fjellet.

Mardøla-aksjonen

Det ikoniske bildet av Arne Næss.

Foto: Scanpix

Ikonisk bilde

Det var Utrykkingspolitiet frå Oslo som til slutt stoppa aksjonen. 27. august 1970 vart leiarane løfta vekk.

Bildet av professor Arne Næss er blitt ikonisk, sjølve symbolet på Mardøla-aksjonen, men det var Sigmund Kvaløy Setereng som var sentral leiar for det heile.

Mardøla-aksjonen

Sigmund Kvaløy Setreng blir boren bort av politiet.

Foto: Scanpix

Gravemaskinene kunne no sette i gang med byggearbeidet, og i 1974 var Mardalsfossen borte frå Eikesdalen. For alltid?

Tilbake var svart, stupbratt berg.

Aksjonistane tapte kampen for Mardøla, men vann etter kvart fram med synspunkta om å ta meir omsyn til naturen i utbyggingssaker. Mardøla-aksjonen inspirerte Alta-aksjonen, og seinare vern av mellom anna Hardangervidda og Nordmarka.

Som første land i verda fekk Noreg eige miljøverndepartement. Det blei oppretta på frigjeringsdagen, 8. mai 1972, med dette målet:

...å arbeide for en best mulig balanse mellom utnytting av våre ressurser for økonomisk vekst, og vern om naturressursene til beste for menneskelig trivsel og helse.

Miljøverndepartementet (1972) / Klima- og miljøverndepartementet

I 1973 kom verneplanen for vassdrag.

Her kunne historia ha slutta. For bøndene i Eikesdalen og Eresfjorden var det no det starta.

Kampen for å få erstatning, og eit enormt arbeid med å bygge vatningsanlegg tok mykje krefter. Den frodige dalen var trua av tørke etter Grytten-utbygginga. Forholdet til naboane i Rauma var øydelagt for mange tiår framover.

Marit såg at dei vaksne var rasande, forbanna. Og dei hadde mista trua på det demokratiske systemet.

Etterpå

Eikesdalen Møre og Romsdal, februar 2020: Marit Wadsten har aldri slutta å kjempe for vatnet. Ho gifta seg, busette seg og fekk born i Eikesdalen. Saman med bygdefolk og sentrale personar i Mardøla-aksjonen har ho opp gjennom åra organisert kunst- og kulturarrangement om og ved Mardalsfossen, skrive brev til politikarane, artiklar og bøker, slik at historia om vatnet ikkje skal bli gløymt.

Heile tida håper ho på at dei skal få vatnet og fossen tilbake.

Mardalsfossen i Eikesdalen

Mardalsfossen er ein skugge av seg sjølv, men det blir sleppt litt vatn i han kvar sommar.

Foto: Heine Schølberg

Slusesystemet som blei bygd då fossen forsvann, blei etter kvart opna opp litt kvar sommar. På den måten får turistar og fastbuande igjen sjå Mardalsfossen, men han er berre ein skugge av det han var i fri dressur.

Når det har gått 50 år, kan folket kan krevje revisjon av konsesjonsvilkåra. Fram til 2022 kan fleire hundre gamle vasskraftkonsesjonar her i landet bli tatt opp til revisjon. Målet er større miljøgevinst med minst mogleg krafttap.

Marit og Eikesdal bygdelag ber Molde kommune om å starte arbeidet med å få fossen tilbake.

Gir ikkje opp

Politisk rådgjevar i Olje- og energidepartementet, Erlend Jordal (H) seier det er NVE som til slutt avgjer om det blir opna revisjonssak for Grytten kraftverk.

– Endring av minstevassføringa i Mardøla kan bli vurdert i ei eventuell revisjonssak. Det er derimot ikkje mogleg å fjerne overføringar og vassdragsreguleringar ved revisjon, då desse er ein del av sjølve løyvet, seier han.

Marit Wadsten, forfattar brev til olje- og energiministeren.

Marit Wadsten jobbar på mange nivå med å få Mardalsfossen fri.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Men Marit Wadsten gir ikkje opp håpet. Kampen som starta for 50 år sidan, er ikkje over. Ho meiner det ville vere ei fin symbolsk handling av regjeringa å gi fossen tilbake til Eikesdalen og Eresfjorden.

– Det er eigentleg ikkje sjølve fossen eg kjempar for. Det er vatnet. Det hadde vore så fantastisk godt å få kjenne på den sigeren over storsamfunnet! seier ho.

Og akkurat no – 50 år etter den første demonstrasjonen mot kraftutbygging her i landet – er bygdefolk mange stader i landet igjen rasande. Dei vil ikkje ha store vindturbinar på fjella sine. Igjen demonstrerer dei mot utbygging av fornybar energi. Debatten er hard, og folk er villige til å gå langt.

Marit kjenner seg i slekt med dei. Ho forstår raseriet, og blir sint sjølv også.

Demonstrasjonar på Haramsøy

Ungdom på Haramsøya i Møre og Romsdal stansa i mai anleggsmaskiner frå å kome i land frå ferja. Dei meiner vindkraftutbygginga vil rasere naturen og føre til støyplagar på øya.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Støttar kravet

Men vi må jo ha kraft. Og klimautsleppa må ned. Dag Olav Hessen er professor i biologi. Han er kjend for forsking innan vatn, økologi og evolusjon. Men han er også engasjert i biologi, miljø og filosofi. Han støttar kravet til folket i Eikesdalen om å få fossen tilbake.

– Vasskraft er jo ei fabelaktig kjelde til elektrisitet samanlikna med fossile energiberarar, men sjølv om den er klimamessig grøn og CO₂-fri, innser vi etter kvart at mange vasskraftprosjekt ikkje er så grøne på andre måtar fordi dei øydelegg natur og naturopplevingar. Dette gjeld globalt, der vakre og viktige naturområde blir demde ned. Tapte naturopplevingar var sjølvsagt eit hovudpoeng også i 1970, men det har kome i bakgrunnen etter kvart som klima har blitt det altoverskyggande problemet. No bør dette igjen bør bli lagt større vekt på.

Dag Olav Hessen

Dag Olav Hessen er professor i biologi ved Universitetet i Oslo.

Foto: Privat

Hessen er klar på at protestane mot fornybar energi ikkje må føre til at argumenta for å framleis leite etter og vinne ut olje blir forsterka. Men han meiner vi heller bør bruke meir tid på finne løysingar for energieffektivisering.

– Her i Noreg er vi eit land med energisløsarar. Det er sjølvsagt ikkje populært å seie, men kanskje straumprisane bør aukast, mot at overskotet går til miljøvenlege tiltak?