Hopp til innhold

Fekk hatmeldingar etter å ha støtta Ropstad: – Har blitt kalla feig jævel og kristensvin

Fylkesleiaren i KrF gjekk nyleg ut og forsvarte den avtroppande partileiaren Kjell Ingolf Ropstad. Då fekk ho telefonen full av hatmeldingar.

Randi Walderhaug Frisvoll

Fylkesleiar Randi Walderhaug Frisvoll er skaka over meldingane ho har fått etter å ha støtta avtroppande KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Sist fredag gjekk fylkesleiar i Møre og Romsdal KrF, Walderhaug Frisvoll, ut i VG og kalla pressedekninga av Ropstad «ei heksejakt». I ettertid har ikkje reaksjonane uteblitt.

– Eg sjølv har fått enormt mange hatmeldingar. Dei skriv at Kjell Ingolf er ein feig jævel og at vi er kristen-svin, seier Walderhaug Frisvoll.

Ho seier ho har fått rundt 30 sine tekstmeldingar og e-postar, og at det er uvanleg mange i ei enkeltsak.

Skjermdump frå Facebook
Foto: Skjermdump frå Facebook

Meldt frå til PST

Kjell Ingolf Ropstad trekte seg som statsråd og partileiar i helga, og har fått varierande støtte både frå fylkesleiarar og vanlege folk. Randi Walderhaug Frisvoll er ei av dei som har vore tydelegast i si støtta. Det har kosta.

– Det er nesten truslar, seier ho om enkelte av meldingane ho har fått.

Fylkesleiaren i Møre og Romsdal seier ho har tatt kontakt med KrF sentralt, og at to av meldingane er sendt vidare til PST, Politiets Sikkerhetstjeneste.

Skjermdump
Foto: Skjermdump

– Eg forstår at folk blir frustrerte, men du treng no ikkje å true med å denge folk, eller å samanlikne Kjell Ingolf med Breivik og Toska og slikt. Mange av meldingane går altfor langt, seier ho.

I ei av meldingane blir Ropstad samanlikna nettopp med Nokas-ranar David Toska og terroristen Anders Behring Breivik, og KrF-politikaren synest det er stygt gjort.

PST seier dei prioriterer sjikane mot politikarar

PST ønskjer ikkje å stadfeste truslar mot enkeltpolitikar, men seier det ikkje er uvanleg at dei blir varsla i samband med kontroversielle saker.

– Det er ei rekkje politikarar som opplever hatefulle ytringar, og det toppar seg gjerne litt i samband med valkampar. Då blir frontane hardare og retorikken skjerpa, den type ting genererer gjerne fleire truslar, hatefulle ytringar, sjikane og hets, seier kommunikasjonssjef Trond Hugubakken.

Trond Hugubakken

Kommunikasjonsdirektør Trond Hugubakken i PST seier dei ikkje kan ta sjansen på at truslar ikkje er alvorleg meint.

Foto: PST

Han seier at arbeidet mot dette er ei høgt prioritert oppgåve hos PST.

– I dei fleste tilfelle er formålet med truslar, sjikane og hets oppnådd i det vedkomande har formidla det, men vi kan ikkje ta sjansen på at det berre er ord. Vi må få avklart om det er ei hensikt bak, og det prioriterer vi høgt, seier han.

Håper folk tenkjer seg om neste gong

Randi Walderhaug Frisvoll er kalla inn til det lokale politiet onsdag for å gå gjennom meldingane ho har fått. Ho seier politikarar bør tole litt, og at ho sjølv ikkje er mørkeredd, men at ho meiner grensa no er nådd.

– Når ein tek imot hets, er det noko som påverkar livet og det er ikkje noko kjekt. Det er ein direkte trussel mot demokratiet, som gjer at fleire kan vegre seg mot å ta på seg verv som politikar. Eg håper folk kanskje tenkjer seg både ein og to gongar før dei skriv som dei gjer, seier ho.

Randi Walderhaug Frisvoll

Fylkesleiar Randi Walderhaug Frisvoll fryktar at stygge kommentarar skal føre til at folk skal vegre seg for å ta på seg politiske verv.

Foto: Synnøve Hole / NRK

KrF ønskjer ikkje å svare på om Ropstad sjølv eller andre KrF-politikarar har blitt trua eller fått hatmeldingar som følgje av bustadsaka til den avtroppande KrF-leiaren.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL