Hopp til innhold

– Rett og rimeleg at han trekte seg etter ein slik flause

Kjell Ingolf Ropstad får støtte og klapp på skuldra også frå vanlege folk etter at han laurdag gjekk av som KrF-leiar og statsråd. Men fleire er overraska over at han ikkje gjekk før.

Linett Lyngstad Griffioen

Linett Lyngstad Griffioen meiner partileiarar har eit særleg ansvar for å passe på at dei gjer rett.

Foto: Synnøve Hole / NRK

KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad har vore i hardt ver etter at det blei kjent at han fekk pendlarleiligheit i hovudstaden. Laurdag gjekk Ropstad av. Blant fylkesleiarane får han stort sett støtte for at han gjekk av. Også vanlege folk meiner det var korrekt.

– Det var bra at han gjorde. Han har jo unngått å betale skatt, og han jobbar på Stortinget, så det var rett og rimeleg at han trekte seg når han har gjort ein slik flause og det kjem fram i media, seier Iver Kristiansen.

Iver Kristiansen

Iver Kristiansen synest lite om politikarar som trår feil.

Foto: Synnøve Hole / NRK

– Kva synest du om politikarar som gjer slikt?

– Eg synest det er dårleg gjort, seier studenten.

Han får støtte frå Rang Abdullah i Kristiansand.

– Eg synest det er bra for partiet at han trekte seg. Det er eit problem at politikarar misbrukar systemet og han er tydelegvis ikkje den einaste som har gjort det, seier 25-åringen.

Rang Abdullah

Rang Abdullah meiner det var rett av Ropstad å trekkje seg.

Foto: Heidi Ditlefsen / NRK

Meiner Ropstad hadde særleg ansvar

Børje Følstad seier han er overraska over at Ropstad ikkje gjekk før.

– Eg meiner nok han kunne lagt korta på bordet før. Han burde vel skjønte at skatteetaten og media kom til å rote i saka og finne endå meir snusk, så eg hadde nok lagt meg flat litt raskare enn han har gjort, seier Følstad.

Børje Følstad

Børje Følstad seier Ropstad burde skjønt tidlegare kva som kom.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Linett Lyngstad Griffioen var laurdag på rusletur i Ålesund, og seier ho ikkje kjenner alle detaljane i det Ropstad har gjort, men likevel meiner han har handla galt. Ho meiner han har eit særleg ansvar.

– Alle gjer jo feil, det er greitt nok, men når du er ansiktet til heile partiet, så må du jo passe på ekstra godt.

– Kunne du gjort noko slikt?

– Nei, seier ho og ler.

  • Å gjøre noe sånt er ille uansett, men ekstra ille når du representerer et verdiparti som KrF. Jeg tror han hadde blitt tvunget til å gå uansett. Nå valgte han det selv.

Vil sjå framover

KrF har hatt ein trufast tilhengarskare langs kysten, ikkje minst i Møre og Romsdal. Inger og Johan Grytten har vore medlemmer i årevis, og seier det er leitt at Ropstad trekte seg.

– Det er veldig trist, men det er så mange som har vore ute for liknande ting i Stortinget, då synest eg det er ille at han er syndebukken, seier Johan Grytten.

Han meiner at både Ropstad og andre bør sjå framover.

– No skal han gløyme det som var bak, strekke seg etter det som ligg framom. Han skal gjere ein god jobb som stortingsmann i fire år, og reise seg, så skal det gå bra både for han, for folk og land, slår Grytten fast.

Johan og Inger Grytten

Johan og Inger Grytten er sjølv KrF-medlemmer, og meiner det var trist at Ropstad trekte seg. No ber dei han sjå framover.

Foto: Synnøve Hole / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL