Hopp til innhold

Får att pengane over eit år etter at ho vart svindla på nett

Jenny Helen Korsnes vart svindla på internett i 2010, saman med 17 andre frå heile landet. No er svindlaren teken og ho får att pengane.

Jenny Helen Korsnes

Jenny Helen Korsnes vart svindla på nett og vart overraska då ho fekk att pengane sine, etter halvanna år.

Foto: Iselin Nevstad Øvrelid / NRK

Det var i november 2010 at Jenny Helen Korsnes frå Hareid på Sunnmøre fann ei nesten ubrukt datamaskin på Finn.no, som ho ville kjøpe.

Betalte på forskot

– Eg og seljaren inngjekk ein avtale om at han skulle få 5000 kroner før eg tok imot datamaskina, og 5000 kroner etterpå. Han verka som ein ok kar, fortel Korsnes.

Seljaren ville ikkje nytte Finn si betalingsordning, for å gjere handelen tryggare. Korsnes syntest at det var litt underleg, men sidan mannen budde i nabokommunen, tenkte ho at ho kunne køyre og hente PCen.

Les også:

Dukka aldri opp

PCen skulle sendast i posten, men kom aldri. Korsnes forsto raskt at noko var gale. Ho ringte seljaren og sendte e-post, men til inga nytte. Seljaren fortalte også at han hadde flytta. Dermed melde ho saka til politiet.

– Eg var dum som beit på, seier Jenny Helen Korsnes.

Svindla mange

Men Korsnes er ikkje den einaste som har blitt rundlurt. Mannen i slutten av 20-åra har svindla folk frå heile landet og brukt nettstaden Finn.no for å finne ofra sine.

Her har han har lagt ut annonse med PC-ar, heimekinoanlegg og dyre stereoanlegg til sals og kravd heile eller delar av summen betalt på førehand. Varene har aldri dukka opp.

Lurte folk på bustadmarknaden

I fjor sommer annonserte han leilegheiter til leige, og fekk inn mange tusen kroner i depositum. Problemet var at han ikkje hadde noko leilegheit å låne ut. Sør-Trøndelag politidistrikt fekk identifisert mannen og etterforskinga viser at han har drive omfattande bedrageriverksemd

– Når seljar ber om å få betalt 15.000 kroner for eit stereoanlegg på førehand, bør alarmen ringe, seier politiadvokat Aage Sliper Midling ved Sør-Trøndelag politidistrikt.

Får att pengane

Falsk annonse

Jenny Helen Korsnes vart lurt av denne annonsen.

Foto: NRK

Korsnes hadde nesten gløymt saka, då ho plutseleg fekk ei domsslutning i posten no. Der står det at mannen er dømt for grovt bedrageri og må betale erstatning til alle 18 han har lurt. Enkelte har blitt svindla for opp mot 30.000 kroner. Sjølv er ho glad for å få att pengane sine, for det hadde ho aldri trudd.

Eg avskreiv pengane på tabbekonto, for det var jo min feil, seier Korsnes.

–Meld frå til politiet

Sunnmørskvinna meiner det er viktig å melde frå til politiet, sjølv om det ikkje er snakk om dei store summane. Jenny Helen Korsnes kjøpte aldri ny PC, men har klart seg med den gamle. No skal ho investere.

– Men netthandel har eg ikkje brukt sidan då eg vart lurt, seier Korsnes.