Anten ein handlar gåver rett før jul, eller har lyst på noko nytt til seg sjølv, er det viktig å vere klar over kor ille det kan gå om ein ikkje er varsam når ein handlar på nett.
Høyr historia til Jenny Helen Korsnes som vart svindla på nett:
– Vi i Forbrukerrådet får stadig vekk førespurnader frå folk som har overført pengar direkte på ein konto til ein privatperson ved ein netthandel. Det er ofte det siste ein høyrer frå seljar, og inga vare dukkar opp, seier Martin Skaug Halsos som er informasjonsrådgjevar i Forbrukerrådet til NRK.
Les også:
Har innført tryggare betalingsmetoder
Tryggare betalingstenester gir færre bedragerisaker, men sjølv om talet har gått ned, er det framleis mange som vert svindla på nett på denne måten.
Informasjonsrådgjevar i Forbrukerrådet, Martin Skaug Halsos, meiner ein bør vere kjend med kva rettar ein har ifølgje lova ved kjøp og sal på internett.
Foto: Pressebilde:CF-Wesenberg/kolonihaven.noIfølgje politiet er å betale inn på førehand det verste ein kan gjere når ein handlar på nett. Informasjonsrådgjevar Martin Skaug Halsos meiner ein må vere forsiktig, både no i desse juletider og resten av året.
– Dersom ein skal handle på internett, bør ein ikkje betale inn pengar på førehand. No er det likevel ofte slik at det er eit krav ved handel på internett. Då må ein bruke dei tryggaste metodane ein kan finne. Bruk kredittkort, eller betalingstenester som Payex eller Paypal, understrekar Skaug Halsos.
Ingen angrerett
Om du handlar på for eksempel Finn eller QXL, bør du vite at du ikkje har angrerett på kjøp frå privatpersonar.
– Handlar du med ein privat næringsdrivande har du vanleg angrerett på 14 dagar. Det kan vere veldig greitt om ein finn ut at til dømes PC-en ein kjøpte ikkje var som forventa. Ein må rett nok betale frakta om ein skal sende vara tilbake, men dette er likevel mykje tryggare, påpeikar Martin Skaug Halsos.
– Ølflaske i staden for Iphone
Politioverbetjent ved Ulstein og Hareid lensmannskontor, John Pilskog, seier måtane folk vert svindla på er mange. Nokre får feil varer, ingen varer eller øydelagde varer.
– Vi har sett døme på at folk har kjøpt telefonar som Iphone på internett fordi det er billigar enn i butikken, og heller har fått ei ølflaske i posten, seier han.
– Den vanlegaste måten ein vert lurt på er at ein får tiltru til ein person og gjennomfører ei innbetaling. Det er lett å tenkje at det ikkje hender med meg, men det gjer lett det, legg Pilskog til.
Les også:
Vart sjølv lurt på nett
Jenny Helen Korsnes frå Hareid på Sunnmøre har etter fleire veker bestemt seg for å melde si sak til politiet. Ho har sjølv vorte lurt etter å ha handla på nett.
Jenny Helen Korsnes frå Hareid kjenner seg lurt og vil hindre at fleire opplever det same frå same mannen.
Foto: Iselin Nevstad ØvrelidHo hadde lenge hatt lyst på ein ny pc, og då ho kom over ein annonse på sal- og kjøpsstaden finn.no, var ho rask med å ta kontakt med vedkomande med adresse i Volda. 10.000 kroner skulle vere eit veldig godt tilbod for ein to månader gamal Mac.
Mannen som visstnok skulle selge denne Mac-en bygde opp tilliten hennar, og tanken om at det hender jo ikkje med meg, vart skyvd til side då ho avtalte med seljar å betale halve kjøpesummen før ho fekk vara.
– Mannen ville ikkje bruke tryggleiksordninga som Finn opererer med for sikker netthandel fordi han meinte det kosta for mykje pengar. Og postoppkrav ville ta for lang tid om ikkje eg hadde henta vara etter avtale. Då eg vidare tilbaud meg å køyre til Volda for å hente PC-en kom han med orsakingar om at han var vekkreist på jobb og måtte sende den i posten. Så ved å vise at han ikkje ville verte lurt, lurte han meg, seier Jenny Helen Korsnes.
– Etter at eg betalte inn 5000 kroner som var det halve beløpet seljar skulle ha for Mac-en, vart det vanskeleg å kome i kontakt med han. Han svarte ikkje på e-post og telefonnummera hans var ute av drift, seier ho oppgitt.
Svindlar fleire
I førre veke fann Jenny Helen Korsnes ein ny annonse frå same mannen. Denne gongen skulle han selge ein litt mindre PC, men då budde han plutseleg i Molde.
NRK tok like godt kontakt med mannen via e-post for å høyre om at han framleis hadde ein Mac til sals. Ikkje overraskande hadde han det.
– Eg vil ikkje at han skal få halde på slik som han gjer no. Eg tykkjer det er dårleg gjort å svindle folk. Eg er kanskje ein av ti-tjue stykker som han opererer jamt med kvar einaste dag. Klart at han tener mykje pengar på å halde på slik, seier ho.
Ho er ikkje så optimistisk for å få att pengane sine, men vil hindre at fleire går i same fella.
– Ein må gjere det ein kan, meiner ho.
Den falske annonsen som Jenny Helen Korsnes beit på. Ho har no tapt 5000 kroner om ikkje han som står bak vert teken for svindelen.
Foto: NRK– Mulegheitene er der
Politioverbetjent John Pilskog seier det ikkje alltid er like enkelt å finne dei som står bak slikt nettbedrageri.
– Sjansane vil vere opp til om ein klarer å identifisere vedkomande i ei eventuell etterforsking. Mulegheitene er der, men om denne personen ikkje lenger har pengar, så kan det verte vanskeleg å få returnert det vara kosta. Det skal sjølvsagt førast prov på kva som har skjedd her også, seier Pilskog.