Hopp til innhold

– Fekk drapstruslar etter å ha meldt ran til politiet. Må leve i skjul

Han blei rana då han forsøkte å selje bilen sin. No lever han i skjul etter drapstruslar, og føler politiet ikkje tek saka alvorleg. Privatetterforskar fryktar at folk skal ta saka ei eigne hender.

Lever i skjul

Mannen vil vere anonym. Han og familien lever i skjul etter drapstruslar. Han blei rana for ein halv million kroner i samband med sal av ein bruktbil.

Foto: Rune Fredriksen / NRK

Mannen, som vil vere anonym, skulle selje bilen sin på nettet. Han blei kontakta av ein mann frå Oslo, som ville veksle ein større sum pengar i Euro. Seljaren sa ja til dette. Men då kjøpar og seljar møtte kvarandre på Aker Brygge byrja dramatikken.

Finn Abrahamsen

Privatetterforskar Finn Abrahamsen.

Foto: Bjørn Ivar Voll / NRK

Ein svær, mørk fyr hoppa inn i bilen til meg. Han bad meg halde meg i ro. Så stakk han av garde med pengane, seier seljaren til NRK.

– Vi lever i frykt

Etter at mannen melde ska til politiet, har han motteke drapstruslar. No tør han ikkje stå ope fram, og har flykta til ein hemmeleg stad i Noreg. Der har han budd saman med familien sidan tidleg i haust. Han fryktar at dei som rana han for ein halv million kroner skal finne han.

No lever vi i frykt på hemmeleg adresse, seier han til NRK.

– Dette er krevjande menneske

Privatetterforskar Finn Abrahamsen kjenner til fleire saker der folk har blitt svindla i samband med forsøk på å selje bilen sin på nettet. Han har 37 år bak seg som etterforskar i politiet. Politiet har resignert i desse sakene, seier han, og meiner det ikkje skulle vere vanskeleg å finne dei som står bak.

Eg forstår til ei viss grad kvifor dei legg bort saka. Dette er krevjande menneske å arbeide med. Vi snakkar om ein liten minoritet i eit bestemt miljø som står bak desse tilfella, seier Finn Abrahamsen.

– Det er heilt hinsides

Førre veke fortalte NRK om Steinar Lausund i Ålesund. Han prøver å selje båten sin og blir nedringt av folk som forsøkjer å svindle han. Dei vil ha han til å ta ut 500 000,- kroner i kontantar mot at han får betre betalt enn det han krev.

Steinar Lausund

Steinar Lausund blei forsøkt svindla då han prøvde å selje båten sin.

Foto: Bjørn Ivar Voll / NRK

Det er heilt hinsides. Dette ser ut til å vere profesjonelle folk, sa Steinar Lausund om dei mange svindelforsøka.

– Tek saka i eigne hender

Entreprenøren gjennomskoda svindelforsøket og ville hjelpe politiet med å oppklare saka. På same måten som mannen som blei rana, opplever Steinar Lausund at politiet ikkje ville ta saka. No fryktar privatetterforskar Finn Abrahamsen at folk skal ta saka i eigne hender.

Eg kjenner tilfelle der folk har leigd inn torpedoar som har banka svindlarane skikkeleg opp. Det har også vore skotveksling i slike saker. Det har vore ganske dramatisk i nokre tilfelle, seier Abrahamsen.

Oslo-politiet ønskjer ikkje å kommentere denne saka, fordi vedtaket om å legge henne bort er klaga inn for Statsadvokaten.