Likestillingsutvalet grunngir utdelinga med at Ulstein har vore med på å fremje likestilling gjennom rekruttering i eiga bedrift.
Møre og Romsdal fylkeskommune deler kvart år ut sin eigen likestillingspris. I grunngivinga for prisen står det:
«Som toppleiar innanfor næringslivet i fylket vårt er ho med på å fremje likestilling mellom kvinner og menn i arbeidslivet. Gunvor Ulstein er eit viktig forbilde for kvinner. I eiga bedrift rekrutterer ho bevisst kvinner med kompetanse som bidreg til å gi viktige signal i høve likestilling mellom kvinner og menn i samfunnet».
Lokalt forbilde
Gunvor Ulstein er konsernsjef i Ulstein Group og direktør i Ulstein Shipping. Ho er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøgskule, og har tidlegare vunne fleire næringslivsprisar for leiarskapet sitt.
– Vi er glade for å kunne gje denne prisen til Ulstein, som ikkje berre er eit forbilde her lokalt, men som også blir sett på som ein god leiar utanfor Møre og Romsdal, skriv leiar i likestillingsutvalet Eva Vinje Aurdal i ei pressemelding.
- Les også: