Hopp til innhold

Far og son er naboar og kollegaer

For Odd Kulø (66) og Reidar Kulø (40) er det ikkje berre etternamnet dei har felles. Begge arbeider på lensmannskontoret i Ulsteinvik, og er i tillegg nære naboar.

Odd Kulø og Reidar Kulø. Far og son ved lensmannskontoret i Ulsteinvik.

Reidar Kulø t.v og Odd Kulø t.h på undersøkingsromet på lensmannskontoret i Ulsteinvik. Reidar er kriminalteknikar, Odd er lensmann og sjef. Foto/redigering: ARNE FLATIN

Då pappa Odd starta ved lensmannskontoret på Hareid i juni i 1971 var det tre år før Reidar vart fødd. Odd har i mange år vore lensmann ved kontoret (sidan 1982), som for nokre år sidan (2005) vart flytta frå Hareid til Ulsteinvik.

Dei siste åra har han hatt selskap på kontoret av sin eigen son. Reidar er kriminalteknikar og er gjerne den som er ute for å sikre og analysere spor.

- Verste eg har sett

Då drapsalarmen gjekk 8.august i år på Bigset i Hareid var både far og son i første rekkje då politiet sette inn alt dei hadde av ressursar. Odd var saman med fungerande politimeister Ingar Bøen, den som hadde ansvaret for dei første pressekonferansane om det brutale drapet.

Odd Kulø og Ingar Bøen

Odd Kulø under den første pressekonferansen etter Hareid-drapet.

Foto: Arne Flatin / NRK

Og medan dei snakka med media var Reidar alt på plass i leilegheita på Bigset der drapet vart gjort, for å sikre spor saman med blant andre teknikarar frå KRIPOS.

– Det er spesielt å kome på ein slik drapsstad, men samtidig er det fagfeltet mitt. Kanskje kan ein få lov til å utrette noko og faktisk bidra og vere med på å oppklare ei sak. Opp i alt det brutale så er det ein positiv ting at ein kan bidra på den måten.

Drapsstaden på Bigset i Hareid

Husværet der ein mann vart brutalt drepen i august. Reidar Kulø var ein av fire teknikarar på åstaden.

Foto: Arne Flatin / NRK

Dei to siste åra har det vore to brutale drap på øya, i fjor på Dimna då ein mann vart slått i hel med ei flaske og seinast i august då ein mann vart brutalt drepen med kniv. Dette har absolutt ikkje vore kvardagskost for den rutinerte lensmannen.

– Eg har ikkje vore borti så stygge saker før, og det er 45 år sidan eg begynte, seier Odd Kulø.

Om dette er ein tendens til at det vert fleire drap og stygge valdssaker er dei ikkje med på.

- Eg har vanskeleg for å tru at dette er ei utvikling og at vi skal oppleve dette ofte, seier Odd. Reidar understrekar at drapsstatistikken viser ein nedgang på landsplan.

Glad i hundar

Gjennom jobben har dei også begge eit sterkt og lidenskapleg forhold til hundar. Odd fekk sin første hund då han gjekk ut av akademiet og Reidar har fulgt etter. I dag har Reidar labradoren Kira som ikkje nådde opp som narkotikahund, men som lett kan utviklast til å verte ein god ettersøkshund.

Reidar og Odd Kulø saman med labradoren Kira

Reidar og Odd Kulø saman med labradoren Kira

Foto: Arne Flatin / NRK

- Viss ein hadde trent henne mot det så kunne det vere noko ein kunne oppnå, seier Reidar. Eg har ikkje prøvd så det veit eg ikkje.

- Ho har evner til å verte ein sivil redningshund, søke etter folk som har gått seg bort eller søke i snøskred. Den legninga har ho, seier Odd Kulø. Ho er veldig uthaldande når det gjeld søk.

Då Reidar var liten fekk han oppleve hundane til faren på nært hald, og syntest dette var veldig kjekt. Då han etter kvart starta i politiet sjølv (i Bergen) fekk han sjansen til å utvikle ein patruljehund der og seinare har berre interessa vore der for fullt.

Den hunden han hadde i Bergen var ein stor schæfer som heitte Odin, og som var med på å løyse fleire oppdrag. Sannsynlegvis har han også vore med på å berge liv med Odin.

- Det er slikt som motiverer oss til å halde på med dette, seier Odd.

Nært forhold

Dei har ikkje opplevd konfliktar med at dei jobbar så tett saman på det same lensmannskontoret der pappa Odd også er sjef for Reidar.

- Eg var nok litt spent då eg starta her på kontoret. Det er jo litt rart å skulle ha far sin som sjef, ikkje minst med tanke på kva andre tenker om det. Eg har opplevd at det har gått veldig greit.

Pappa Odd derimot var ikkje fullt så spent.

- Sjølsagt skulle eg vere hans sjef, men eg kjenner sonen min og veit omtrent korleis eg kan manøvrere, så har det vore det gode at dersom eg har trakka over så har eg vorte justert. Så det har faktisk ikkje vore problematisk. Men når det gjeld det formelle då har eg sjølsagt vore opptatt av at det ikkje er eg som har tatt avgjerdene når det gjeld han Reidar, då er det nabolensmannen, og det har fungert veldig fint. Medarbeidarsamtalar til dømes er det ikkje eg som har hatt.

På oppdrag

NRK er med Reidar Kulø ut på jobb. Som kriminalteknikar er det ofte han som er ute for å granske og hente inn spor, som han seinare analyserer på lensmannskontoret. Han seier sjølv at han er ein pirk, og at dette er arbeid som passar han fint.

Reidar Kulø

Reidar Kulø ute på jobb på for å etterforske dødsbrann, men når barnehageungar kjem forbi har han tid til ein prat.

Foto: Arne Flatin / NRK

Den dagen NRK er med ut er det i husværet på Eggesbønes i Herøy etter ein dødsbrann. Reidar er inne og tek eit overblikk. Ofte kan det vere nok til at han dannar seg eit bilde av kva som har skjedd. Medan vi står der kjem ei lita gruppe frå ein barnehage forbi, og dei vil gjerne prate med politimannen. Reidar tek seg god tid til å snakke med ungane. Han veit sjølv godt at politi er forbilde for små barn.

- Kjekt for barnebarna

Ikkje nok med at far og son arbeider på det same lensmannskontoret i Ulsteinvik. Ikkje mange hundre metrane frå lensmannskontoret er dei naboar på to store eigedomar.

Reidar Kulø

Reidar Kulø

Foto: Arne Flatin / NRK

Odd og kona Lisbeth bygde sitt hus for mange år sidan og då naboeigedomen vart ledig nytta Reidar og kona Kari-Janne sjansen til å kjøpe og bygge sin store villa. Mellom eigedomane er det ikkje noko gjerde og både barn og bikkje kan springe fritt mellom.

- Det er stort sett berre fordelar for dei yngste, seier Odd Kulø. Dei har både barnevakt og hundepassar heile tida og dei har til og med nokon som slår plenen for dei når dei er borte.

- Ja, det er heilt rett, seier Reidar Kulø. Det er ikkje meir å seie om det.

Litt meir alvorleg seier senior at det er utruleg kjekt å stadig kunne ha barnebarna på besøk, så dette er noko som vi kan tilrå for andre. Vi trivst med naboskapet, så absolutt.

På fritida prøver dei også å legge bort politipraten. Begge seier at dei passar på det og at alt slikt stort sett skjer mellom klokka åtte og fire, men begge er med på organisasjonsarbeid, så litt diskusjonar vert det av og til.

Her bur Odd (t.v) og Reidar (t.h)

Her bur Kulø-familien. Pappa Odd t.v og Reidar t.h.

Foto: Arne Flatin / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL