Hopp til innhold

Får kritikk for å surre med medisinen til utviklingshemma barn

Kristiansund kommune får skarp kritikk frå Helsetilsynet for mangelen på rutinar ved medisinering av utviklingshemma barn på institusjon.

Rapport fra Helsetilsynet

Rapporten frå Helsetilsynet viser også at det er det er så mykje støy i avlastningsbustaden til funksjonshemma barn, at dei truleg blir sjukare av det. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Lena Høyberg / NRK

I rapporten frå Helsetilsynet kjem det fram alvorlege manglar ved rutinane rundt medisinering for borna som bur i Karitunet avlasting i Kristiansund.

– Fylkesmannen vurderer det som særleg alvorleg at kommunen ikkje har tilstrekkeleg rutinar for legemiddelhandtering. Svikt i legemiddelhandtering og manglande kunnskap om korleis desse verkar og eventuelle bivirkningar kan få alvorlege konsekvensar for enkelte barn, heiter det i rapporten, som blei offentleggjort tysdag kveld.

Kristiansund rådhus

Kristiansund kommune må no gå gjennom rutinane for medisinering på nytt, etter den kritiske rapporten frå Helsetilsynet.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Her kjem det fram at det ikkje finst noko system for å ta imot medisindosettar frå barn som kjem heimanfrå og til avlasting. Dosettane er ikkje alltid merka slik at det er råd å sjå kva for medisin borna tek, og rapporten viser også at heller ikkje opplysningar frå samtalar med pårørande systematisk blir dokumentert.

– Glad for å få barnet ut

NRK Møre og Romsdal har snakka med mor til eitt av barna som har vore på avlasting ved Karitunet gjennom fleire år. Mora ønskjer å vere anonym, i frykt for at kritikken kan få konsekvensar for tilbodet til barnet hennar.

– Eg var berre glad for å få barnet mitt ut derifrå, seier ho, og hevdar at barnet hennar var meir uroleg etter opphalda. Ho etterlyser også meir kunnskap hos dei som arbeider på avlastingsheimen.

– Må ta på alvor

Kjetil Leirbekk

Konst. kommunalsjef Kjetil Leirbekk seier det ikkje alltid er samsvar mellom det foreldre meiner om eit tilbod, og det Helsetilsynet påpeikar.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Konstituert kommunalsjef Kjetil Leirbekk seier kommunen no endrar rutinane rundt medisinhandtering.

Vi må ha så sikre rutinar som mogleg, slik at vi unngår feilmedisinering, seier Leirbekk.

Men trur du foreldre tør å sende ungane sine til dykk når Helsetilsynet avdekkjer tre avvik?

Vi har alltid hatt godt samarbeid med foreldre. Det er ikkje alltid samsvar mellom det foreldre meiner om det tilbodet dei tek imot, og det Helsetilsynet påpeikar. Vi meiner vi har ganske gode tilbod, men ser at det er ting som kan forbetrast, spesielt i forhold til lokalitetar, seier han.

Støy og uro i lang tid

Helsetilsynet besøkte Karitunet 1. desember i fjor. Då budde det seks barn i avlastingsheimen, samtidig som fire barn budde i ein barnebustad.

Under besøket avdekte Helsetilsynet at det er lite rom for borna i avlastningsbustaden for å trekkje seg tilbake, og at det til tider er mykje støy og uro.

Avlastningsbustaden har fellesareal som sannsynlegvis har ført til dårlegare helsetilstand for enkelte barn ... Kommunen har over lang tid vore kjent med dette utan å setje i verk nødvendige tiltak for å rette forholda, står det i rapporten.

Skulen har mellom anna gitt tilbakemelding på at eitt av borna er meir sliten enn elles når vedkomande kjem frå avlasting. Kommunen mistenkjer også at ein av dei andre får hyppigare epileptiske anfall i periodar der det har vore mykje støy.

Brukte tvang og makt utan å varsle

Tilsynet avdekte også at det er brukt tvang og makt utan å varsle Fylkesmannen om det omgåande.

I rapporten kjem det fram at det har gått over ein månad før det blei sendt melding vidare i systemet. Dermed kunne ikkje brukaren heller klage på tiltaka.

I helse- og omsorgstenestelova går det fram at kommunen pliktar å sørgje for at forholda blir lagt til rette for minst mogleg bruk av tvang.

Fylkesmannen peikar også på at dei tilsette i liten grad melder frå om avvik.