Hopp til innhold

– Dejlig å være dansk – i Norge!

Ronni og Runi har saman med over 400 andre danske fagarbeidarar kryssa landegrensa til Noreg gjennom eit lite firma i sunnmørsbyen Fosnavåg, for å få arbeid. Grunnen: I Danmark får dei ikkje jobb, medan ein i Noreg skrik etter kompetente fagfolk.

Danske Ronnie Low Kofoed (t.v) og Runi Fossdal frå Færøyane trivast i jobben som røyrleggjarar i den vesle sunnmørsbyen Fosnavåg. Dei hadde ingen mogleheiter til å få jobb i Danmark, så valet om å reise til Noreg var enkelt.

VIDEO: Danske Ronnie Low Kofoed (t.v) og Runi Fossdal frå Færøyane trivast i jobben som røyrleggjarar i den vesle sunnmørsbyen Fosnavåg. Dei hadde ingen mogleheiter til å få jobb i Danmark, så valet om å reise til Noreg var enkelt.

Klokka har så vidt passert halv åtte om morgonen. Røyrleggjarane Ronnie Low Kofoed (32) og Runi Fossdal (22) frå høvesvis København og Færøyane set seg ned ved lunsjbordet for ein prat og ein kaffikopp.

Saman med to andre arbeidarar, også med dansk statsborgarskap, går diskusjonen mest kring daglegdagse ting i den vesle sunnmørsbyen Fosnavåg.

Så stikk Ståle Berge innom lunsjrommet. Han eig og står for den daglege drifta av varme-, ventilasjons- og sanitærteknikkbedrifta Ståle Berge VVS. Berge føreslår for karane at dei skal ta seg ein tur inn i fjordane til helga, for å fiske litt.

– Eg meiner det er viktig å la karane få oppleve Sunnmøre og Noreg på sitt beste, anten dei er her for ei kort periode, eller om dei har tankar om å slå seg ned her. Vi har eit ansvar om å fortelje våre potensielt nye landsmenn kor flott Noreg er, seier Ståle Berge til NRK.

Runi og Ronnie overhøyrer sjefen, og legg med dansk aksent til noko dei nok truleg har høyrt nokre gongar før, berre i motsett rekkjefølgje:

– Det er dejlig å vere dansk - i Norge!

– Rart at nordmenn ikkje vil ha jobbane

Etter morgonkaffien set Ronnie og Runi seg i firmabilen, og køyrer ned til tomta der dei skal jobbe ei lang stund framover. Fosnavåg, som er mest kjent for fiskeri- og offshorenæringa si, skal nemleg få eit nytt, stort hotell. Difor er det naturlegvis stort behov for arbeidskraft.

– Dette blir stort og flott. Ein blir jo litt audmjuk når ein får jobbe med så store prosjekt. Det er for meg veldig rart at ikkje nordmenn vil ha slike jobbar. Det er godt betalt, arbeidstempoet er veldig bra og vi trivast svært godt i jobben vår, seier Runi og vender blikket over på arbeidskollegaen. Ronnie nikkar stadfestande på svaret til Runi.

– Det er i det heile tatt svært merkeleg at nordmenn ikkje vil ha jobbane som ligg rett framføre dei. Anten så veit dei ikkje kvar dei skal leite, eller så har dei rett og slett ikkje lyst å jobbe med hendene, seier Ronnie.

(Saka held fram under biletet).

Ugle speidar mot Fosnavåg

Ein uglestatue speidar over mot det store byggjeprosjektet i Fosnavåg, der Ronnie og Runi skal jobbe i eit halvår fram i tid. Eit nytt hotell og kulturhus reiser seg i hurtig tempo, og skal gje byen som er mest kjent for fiskeri- og offshorenæringa si eit 'ansiktsløft'.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

Bygget som allereie markerer seg i bybiletet i Fosnavåg blir på totalt 9.000 kvadratmeter bruttoareal, og skal mellom anna innehalde eit hotell med 116 rom, eit konserthus med 500 sitjeplassar, kino og ein skipssimulator for offshorenæringa. Totalt har prosjektet ei kostnadsramme på 400 millionar kroner.

Mykje av ansvaret for å få vatnet til å fløyme til fleire hundre toalett, handvaskar og dusjar i det nye bygget er det Ronnie og Runi som har.

– Her blir vi det neste halvåret, minst. Det er kjekt å ha eit fast prosjekt å gå til kvar dag, seier Ronnie.

Språket den avgjerande faktoren

Selskapet som hjelpte Ronnie Low Kofoed og Runi Fossdal til Noreg, Fosnavåg-baserte Verto AS, starta opp verksemda si i 2010. Sidan 2011 har Verto huka inn over 400 danske fagfolk til jobbar i Møre og Romsdal, og elles rundt om kring i landet.

– Kvifor danske fagfolk?

– Heilt klart på grunn av språket. Det har vore den mest avgjerande faktoren. Vi fekk etablert eit samarbeid med organisasjonar i Danmark, og resten er historie, seier administrerande direktør i Verto, Henning Karlsen.

– Finnast det ikkje nordmenn som kan ta på seg slikt arbeid som Ronnie og Runi gjer?

– Ikkje i stor nok grad, nei. Behovet for kompetente fagfolk, som til dels røyrleggjarar men også tømrarar og elektrikarar, er stort. Mange nordmenn vel kanskje heller andre og meir "lukrative" yrke.

Henning Karlsen fortel at den største utfordringa for vidare utviding av verksemda er å finne tak i nok bustadar til dei danske arbeidarane som vel å jobbe i Noreg.

Stor arbeidsløyse i Danmark

149.900 menneske stod i slutten av september utan arbeid i Danmark, eller rundt 5,6 prosent av den totale arbeidsstyrken. Ifølgje sjeføkonom i Danske Bank, Steen Bocian, er det fyrste gong på fire år at arbeidsløysa søkk til under 150.000 personar.

Sjølv om talet no minkar, uttrykkjer Danmark sin versjon det norske Arbeidsdepartementet, Beskæftigelsesministeriet, at Danmark framleis har ein veg å gå.

– Regjeringa arbeider for å skape fleire jobbar i Danmark. Samstundes skal vi sørgje for at arbeidslause menneske har dei beste føresetnader for å komme i arbeid og få eit godt og stabilt arbeidsliv. Det er positivt at arbeidsløysa går den riktige vegen, men vi er ikkje i mål enno, seier Beskæftigelsesminister Mette Frederiksen til ministeriet si eiga heimeside.

– Såg meg ikkje tilbake

Runi Fossdal

Runi Fossdal tok fagbrev i rørleggjarfaget i Danmark, men fekk ikkje arbeid. Difor drog han saman med fleire andre danske statsborgarar til Noreg og vesle Fosnavåg. Runi trivast godt, høgt under taket i det nye bygget som skal innehalde alt frå hotell til ein simulator for offshorenæringa.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

For Ronnie Low Kofoed, som er fødd og oppvaksen i Danmark, har det vore svært vanskeleg å få jobb som følgje av problema i landet. Runi Fossdal, som flytta til Danmark frå Færøyane, og budde i Danmark i to år, fekk heller ingen enkel veg inn i arbeidslivet.

– Vi blei nøydde til å sjå til andre land. Når vi kom i kontakt med Verto gjennom venar og kjente, og fekk høyre kva moglegheiter som fannst i Noreg, så blei valet ganske enkelt, seier Ronnie.

Begge har store familiar i Danmark og på Færøyane, men det har ikkje vore ei hindring i søket etter arbeid.

– Eg hadde kjærast på Færøyane, men det blei slutt før eg drog derifrå. Etter å ha budd to år i Danmark, og fordi eg framleis var singel, såg eg meg ikkje tilbake då tilbodet om jobb i Fosnavåg kom. Eg dreg heim til familien fire-fem gongar i året uansett kvar eg bur likevel, så dei er det heller ikkje så farleg med, seier Runi, før han legg til:

– No er eg i Fosnavåg, og kven veit kva framtida her bringer? Eg speler handball for det lokale laget (Bergsøy), og har elles blitt godt kjent med mange i lokalmiljøet. Kanskje blir det dame på meg også?

Runi ser på kollegaen Ronnie og gliser breitt.

– Ja det hadde vel vore noko, seier Ronnie avslutningsvis.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL