Hopp til innhold

Får 2,7 millionar etter mobbesak mot kommunen

Kvinne gjekk til sak mot heimkommunen, og vann fram.

Romsdal Tingrett sal 2

Kvinna vann fram med erstatningskravet i Romsdal tingrett.

Foto: Roar Jonny Strom

Ein romsdalskommune er dømt til å betale 2,7 millionar kroner til ei kvinne. Ho gjekk til sak mot kommunen etter at ho meinte at ho vart sjuk etter mobbing på skulen.

Kvinna er i dag 75 prosent ufør, og vann fram med erstatningskravet i Romsdal tingrett.

I domsslutninga står det at kommunen må betale vel 2,7 millionar kroner i erstatning for mein og inntektstap. Kommunen må betale sakskostnadene.

Påstand om frifinning

I retten la advokaten til romsdalskommunen ned påstand om at kommunen skulle frifinnast, men slik gjekk det ikkje.

Kvinna meinte at ho som skuleelev vart utsett for mobbing og trakassering. Ho meinte at kommunen som skuleeigar ikkje greidde å sette inn rette tiltak mot mobbinga. Mobbinga var tema på mange møte.

I dommen står det at det vart sett inn verkemiddel frå kommunen, men ikkje direkte mot enkeltelevar som stod for mobbinga. Tiltaka var ikkje tilstrekkelege, står det i dommen.

– Har ikkje gjort nok

Retten vurderer det slik at kommunen ikkje har gjort nok for å hindre at jenta vart utsett for mobbing.

Kvinna er i dag 75 prosent ufør, ifølgje ei sakkunnig utgreiing. NAV har konkludert med at ho ikkje er arbeidsfør. Retten legg til grunn at det er mobbinga som har gjort kvinna invalid.

– Bør ikkje anke

Advokaten for kvinna, Arvid Kjærvik, seier til NRK at kvinna er letta etter å ha vunne saka.

– Ein ting er pengane. Det å bli trudd er vel så viktig, seier advokaten.

Han meiner at kommunen ikkje bør anke dommen:

– Kommunen bør i staden bruke ressursane sine på internopplæring av tilsette som arbeider med barn og ungdom. Det er mykje betre om dei kan bruke pengane sine på det enn på ein anke, seier Arvid Kjærvik.

Kommunen sin advokat, Sverre Larhammer, seier til NRK at dei må vurdere dommen grundig og ta stilling til om dei skal anke. Han skal ha eit møte med kommunen på fredag.