Hopp til innhold

Ulstein må betale to millionar i mobbesak

Glen Børge Løset Flø saksøkte Ulstein kommune fordi han meinte at han vart mobba. No må kommunen betale nærare 2 millionar kroner i erstatning.

Ulstein rådhus

Ulstein kommune tapte på alle punkt i mobbesaka. Dei vurderer no dommen grundig.

Foto: Arne Flatin / NRK

Glen Børge Løset Flø meinte at han vart utsett for omfattande mobbing frå 2. klasse og ut ungdomsskulen. Til Sunnmørsposten fortalde han at han vart kasta stein på, spytta på og utsett for truslar.

Han saksøkte Ulstein kommune og i dag er dommen klar. Kommunen tapte på alle punkt, skriv Sunnmørsposten. Dei må betale Flø 1, 66 millionar kroner i personleg erstatning og 300.000 kroner i økonomisk tap.

Retten skriv at bevisførselen har sannsynleggjort at Flø vart utsett for alvorleg og vedvarande mobbing. I dommen står det at det spesielle i saka er at skulen var opptekne av Flø sin situasjon og meinte å ha sett i verk ei rekkje tiltak for å betre denne. Retten meiner at dette ikkje var nok, sidan mobbinga ikkje tok slutt.

Gledens dag

Advokaten til Flø, Lars-Henrik Windhaug er glad over å ha vunne saka.

– Klienten min verka litt sjokkert og sjølvsagt svært glad. Endeleg kan kan han roe nervane, seier Windhaug til NRK.

Advokaten seier at det å vinne over kommunen i ei mobbesak ikkje berre har store økonomiske konsekvensar, men er viktig for kjensla å bli trudd.

– Erstatninga er ein form for kompensasjon for den vanskelege oppveksten og vanskelege kvardagen han hadde på den tida, men det er viktig å vinne fram også ut over det reint økonomiske, seier Windhaug.

Windhaug seier at saka viser at det er mogleg å bli trudd ei mobbesak og kan ha betydning for andre i same situasjon.

Skal vurdere dommen grundig.

Advokaten til Ulstein kommune kan ikkje svare på om dei ankar saka eller ikkje.

– Vi har akkurat fått dommen og skal vurdere den grundig. Ut over det har eg ingen kommentar, seier Øyvind Renslo, som er advokat for Ulstein kommune.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL