Hopp til innhold

Få søkjarar til barnelærarstudiet

Høgskulen i Volda har problem med å få søkjarar til barneskuleutdanninga for 1. til 7. klasse.

Høgskulen i Volda

64 personar hadde i fjor barneskulelærarstudiet (1.-7. trinn) i Volda på førsteplass på søkjarlista si. I år er det berre 55.

Foto: Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda har hatt 14 prosent nedgang i heiltidssøkjarar til barneskulelærerutdanninga på eitt år. Det blei klart etter at regjeringa fredag offentleggjorde søkjartala for høgare utdanning.

– Ein nasjonal tendens

Per Halse

Rektor Per Halse ved Høgskulen i Volda skulle gjerne sett fleire søkjarar til det eine barneskulestudiet.

Foto: Høgskulen i Volda

Samla sett har Høgskulen i Volda auka med 4,3 prosent sidan i fjor, men av dei er det svært få som vil undervise i barneskulen.

Rektor Per Halse seier grunnen til nedgangen truleg er at mange tek skuleutdanning på høgare nivå for å kunne drive undervisning på fleire trinn.

– Vi ser at det er ein nasjonal tendens. Det er i grunnen berre dei største byane som klarer å fylle dei studieplassane. Samstundes så trur eg at nokon tenkjer at om dei vert kvalifiserte til dei høgste trinna, så kan dei kanskje undervise på lågare trinn – men ikkje motsett, seier rektor Per Halse.

Auke i Ålesund, jamt i Molde

Marianne Synnes

Rektor Marianne Synnes ved Høgskulen i Ålesund er knakande for nøgd med dei høge søkjartala for 2014.

Foto: Høgskolen i Ålesund

Også Høgskulen i Ålesund opplever auke i søkjartala. Heile seks prosent fleire enn i fjor har sett skulen som førsteprioritet. Det fører skulen heilt opp i landstoppen.

– Vi er strålande fornøgde med tala for i år. Det har alt å seie at så mange førsteprioritetssøkjarar ønsker å begynner på Høgskulen i Ålesund. Det byggjer også omdømmet vårt om at vi er ein attraktiv stad å gå på skule, seier rektor Marianne Synnes.

Medan Volda og Ålesund har auke, held Molde seg på eit jamt nivå utan dei store svingingane i søkjartala.

– Men likevel så held vi stand og har ei lita auke over tid, men vi ønskjer også sjølvsagt endå fleire søkjarar, seier høgskulerektor Hallgeir Gammelsæter.