Hopp til innhold

Treng fleire barnehagelærarar

Rekrutteringa går treigt, men behovet for kompetente barnehagelærarar er stadig like stort.

Ambassadørar for barnehagelærarstudiet

Emilie Cathrin Skåre Ville, Anders Svensli og Mukta Sofie Midtflø (t.v.) studerer til å bli barnehagelærarar.

Foto: Kunnskapsdepartementet

Norske barnehagar har vore i ei rivande utvikling. 2002 gjekk 66 prosent av eitt- til femåringane i barnehage i Noreg. I 2012 var talet stige til 90 prosent. Det vil seie at 85 000 fleire barn går i barnehage enn for ti år sidan.

Kunnskapsdepartementet meiner at veksten og mangfaldet i barnehagen krev fleire barnehagelærarar og breiare kompetanse, men dei manglar folk. Mange folk.

27. og 28. januar kjem Kunnskapdepartementet til ei utdanningsmesse i Ålesund saman med tre barnehagelærarstudentar frå Høgskulen i Volda. Saman skal dei spreie bodskapen om "Verdens fineste stilling ledig" som det heiter i ein kampanje i regi av departementet.

Mykje planlegging

Mukta Sofie Midtflø (19) frå Ulsteinvik er blant dei som skal representere barnelærarstudiet under utdanningsmessa i Ålesund. Ho fekk smaken for yrket då ho hadde utplassering på vidaregåande, og har heile tida vore trygg på at det ville vere det rette yrkesvalet.

– Eg er glad i jobbe med ungar og med folk generelt, så valet var lett for meg, seier ho.

Per i dag manglar det 4000 barnehagelærarar for å kunne fylle kravet til nok pedagogar i Noreg. Nær 21 prosent (259 personar) av dei pedagogiske leiarane i Møre og Romsdal har ikkje godkjent utdanning. Midtflø trur årsaka til lærarmangelen er at mange har eit feil inntrykk av kva utdanninga og yrket går ut på.

– Det er ein viktig jobb. Mange trur kanskje dagane går i å teikne saman med ungane og slikt, men det ligg langt meir i det. Det er mange lover å halde seg til, og dagane krev mykje planlegging. Lønna er heller ikkje så verst – det varierer frå stad til stad.

– Korfor er det så viktig å ha pedagogisk utdanning når ein jobbar i barnehage?

– Ei samlingsstund skal til dømes dreie seg om noko meir enn å samle seg å synge nokre songar. Det skal vere eit underliggjande tema som barna kan lære av. Slikt krev planlegging og ei pedagogisk tilnærming, forklarar ho.

Vil ha fleire menn

Frå 2005 til 2012 har talet på menn som jobbar i barnehage nesten dobla frå 3500 til 6400. Likevel er ikkje Kunnskapsdepartementet fornøgd. Delen av mannlege barnehagelærarar er framleis låg. I Møre og Romsdal er det berre 4,4 prosent mannlege styrarar og pedagogiske leiarar.

Snart vil studenten Anders Svensli (25) frå Ålesund kunne bidra til å auke prosentdelen.Han trur andre menn vegrar seg for å velje yrket nettopp fordi det er såpass kvinnedominert.

– Som 17-18-åring er det kanskje ikkje like kult å seie at ein vil jobbe i barnehage som å bli elektrikar, røyrleggjar eller andre typiske manneyrke, seier han.

–Ikkje berre barnepass

Bud barnehage

Leik og moro er sjølvsagt ein viktig del av opphaldet i ein barnehaget. Men ungane skal også lære noko av det dei gjer, meiner barnehagelærarstudentane frå Høgskulen i Volda.

Foto: Henriette Male

Sjølv skulle han eigentleg bli elektrikar, men ombestemte seg etter eit vikaropphald i ein barnehage.

– Fleire burde heilt klart prøve det ut. Eg trur menn ville blitt positivt overraska etter eit opphald. Det er ikkje berre "å passe ungar".

Han understrekar at ein barnehage ikkje berre er ein stad ein plasserer ungane medan ein er på jobb.

– Det har blitt ei pedagogisk verksemd i mykje større grad enn det har vore før, seier 25-åringen.

– Då er det viktig å ha solid kunnskap om korleis ungane utviklar seg, og korleis ein kan leggje til rette på best mogleg måte, legg han til.

På kullet hans er det berre fem menn av totalt 59 studentar. Under utdanningsmessa i Fagerlihallen håper han å kunne huke inn fleire til studiet.

– Og om vi ikkje får inn så mange fleire søkjarar, så håper eg iallfall at folk får eit litt breiare perspektiv kva ein barnehagelærar eigentleg gjer, avsluttar han.