Hopp til innhold

-Kan ikkje trampe i det same gamle

Han er berre 28 år og stiller som ordførarkandidat for Arbeidarpartiet i Hareid. Det er svært sjeldan at nokon under 30 år blir ordførar i ein norsk kommune.

Stian Runne Brandal

Stian Runne Brandal likar seg godt på Kvitneset i Hareid. No stiller han som ordførarkandidat for Arbeidarpartiet.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

Stian Runne Brandal er fødd og oppvaksen i Hareid. No brenn han både for heimbygda Brandal og for heimkommunen Hareid. Han er stolt over å ha vakse opp akkurat der.

– Det har vore heilt fantastisk. Eg kan ikkje tenkje meg ein betre stad å vekse opp. Her er det lite, intimt og trygt. Og noko har alltid drege meg attende til Brandal, seier han.

– Meir og meir engasjert

No vil 28-åringen bruke engasjementet sitt på heile kommunen. Han stiller som ordførarkandidat for Hareid Arbeiderparti.

– Eg sto kanskje på sidelinja før. Men siste åra har eg blitt meir og meir engasjert. No brenn eg verkeleg for dette, seier Brandal.

– Kva tilbakemeldingar har du fått på at du stiller som ordførarkandidat?

– Det er vel berre positivt. Folk spør kvifor eg vil dette. Ofte kjem desse spørsmåla med tanke på at kommunen har ein del utfordringar, spesielt økonomiske utfordringar. Folk ser på dette som ei enorm utfordring, og spør korleis nokon kan motivere seg for å ta fatt på ei slik oppgåve, seier han.

Få ordførarar under tretti år

Det er ikkje mange unge som tør å stille som ordførarkandidat. Det er berre mellom 1 og 2 prosent av ordførarane i Noreg som er under tretti år.

– Ordførarar under tretti år er eit sjeldan syn. Kommunestyre-representantane leitar nok etter nokon som har bevist noko, på same måte som når ein leiter etter nokon til andre leiaroppgåver. Dei leitar etter nokon med utdanning, med livserfaring og som har delteke i lokalpolitikken over tid, seier valforskar Tord Willumsen.

Alder og kjønn på ordførarar

Alder

Kvinne

Mann

Total

Under 30

0,0%

1,4%

1,1%

31-40

8,1%

5,1%

5,7%

41-50

37,1%

19,8%

23,7%

51-60

35,5%

52,1%

48,4%

61-70

19,4%

21,2%

20,8%

Over 70

0,0%

0,5%

0,4%

Total

62
100%

217
100%

279
100%

Ulike meiningar

I ein av daglegvarebutikkane i Hareid har folk svært ulike meiningar om fordeler eller ulemper ved å få ein ung ordførar. Dette er resultatet av ei kort rundspørjing.

– Eg tykkjer han er for ung, seier ein mann i møter.

– Eg tykkjer det er greitt at han får prøve seg, seier ei kvinne.

– Eg trur han har litt for lite erfaring, for erfaring trengst, seier ei anna kvinne.

– Eg hadde ei runde med meg sjølv

Stian Runne Brandal innser at folk kan stille spørsmål ved alderen hans. Men han har kome fram til at han skal ta utfordringane som eit eventuelt ordførarverv vil innebere.

Eg hadde ei runde med meg sjølv og tenkte ein del på dette. Eg fann ut at dette er noko eg faktisk har lyst til. Etter kvart såg eg at dette er noko eg skal kome til å klare. Etter dette har eg ikkje sett meg tilbake, seier Brandal.

Men du må ha eit pågangsmot for å stille opp mot dei som er eldre?

– Eg kan sjølvsagt ikkje sjå vekk frå at andre kanskje har meir erfaring og har kome litt lenger på enkelte område. Men det gjeld å vere tøff og å ha trua på seg sjølv, seier Brandal.

– Vil ha fokus på nye ting

Stian Runne Brandal meiner Hareid kommune kan ha godt av å få ein ung ordførar. Unge representantar kan føre med seg nye og friske tankar, seier han.

– Vi har hatt godt vaksne ordførarar siste periodane. Ein ung ordførar og unge kommunestyrerepresentantar kan endre ein del ting. Det blir nok fokus på nyare ting, ei langsiktig satsing, utvikling og ikkje trampe opp att i det same gamle, seier Brandal.

Kvifor har vi så få unge ordførarar trur du?

– Historisk har vel ikkje unge sett på ordførarstillinga og kommunestyra som noko spennande. Det har vel vore noko som vakse folk har brydd seg om, seier Brandal.

– Kva type ordførar vil du bli?

– Dersom eg blir ordførar vil eg bli ein ganske hyggjeleg ordførar, ein som er veldig lett å nå. Og eg er flink til å samarbeide. Det er ei av dei aller viktigaste oppgåvene, seier Stian Runne Brandal.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL