23-åring ordførarkandidat i Volda

Volda Høgre satsar ungt og friskt og har plassert 23-årige Eivind Nævdal-Bolstad frå Odda øvst på lista til kommunevalet i haust.

Video 23-årig ordførarkandidat i Volda

Eivind Nævdal-Bolstad flytta til Volda sist haust i samband med studiar innan PR, kommunikasjon og media på Høgskulen.

Han har tatt flytting til Volda og blei onsdag kveld nominert på første plass på Høgre si liste.

Eivind Nævdal-Bolstad

Eivind Nævdal-Bolstad har møtt på Stortinget som varamann for Høgre i Hordaland

Foto: Hans Henrik Løken / NRK

Nævdal-Bolstad har politisk bagasje med seg og har alt rukke å stå på Stortingets talarstol. Dette i samband med at han er første varamann til Stortinget for Høgre i Hordaland.

No har han tatt mål av seg til å ta Volda med storm

- Ja, det får dei neste månadane vise om er tilfelle. Eg ser i alle fall fram til å drive valkamp i mi nye bygd.

Optimisme i Høgre før valet

Høgre-mann må sjå seg til venstre

- Lèt ikkje ein slik sjanse gå forbi

Eivind Nævdal-Bolstad fekk telefon frå nominasjonskomiteen i Volda Høgre for nokre månader sidan om å toppe lista.

Eivind Nævdal-Bolstad

Eivind Nævdal-Bolstad sa straks ja til topplassen på Høgre si liste i Volda

Foto: Hans Henrik Løken / NRK

- Eg lèt ikkje ein slik sjanse gå frå meg sidan det er ein god miks på lista og at der er fleire rutinerte og lokalkjende politikarar som stiller saman med eit friskt, ungt ansikt på topp.

Toppkandidaten innrømmer at han ikkje er nokon ekspert på dei lokale tilhøva.

- Det blir ein knallhard jobb for meg framover for å sette meg inn i dei ulike politiske sakene. Men saman med dei som har slik kunnskap og knallhard jobbing frå mi side, så skal vi framstå som valvinnarar den 12. september.

Eit av dei store politiske spørsmåla i komande valperiode blir samanslåing av Volda og Ørsta.

- Når Erna tek over som statsminister i 2013 så er det ein region ho ikkje treng å gjere noko med. Der skal vi finne fram til ei felles løysing for Volda og Ørsta slik at vi alt er ein felles kommune når ho tek over.

Eivind Nevdal-Bolstad ser ikkje mørkt på å skulle kombinere poltikk og skulegang framover.

- Når du held på med noko som er givande og interessant og gir meirsmak, så finn du overskot til det du ønskjer. Eg trur ikkje det skal bli noko problem å studere samtidig med å drive politikk. Dette har eg gjort i Hordaland før, så det har eg ingen vanskar med.

Volda ein merkevare

Toppkandidaten held Volda for å vere ei merkevare på fleire område.

- Volda er kjent langt utover eige distrikt med rykte som studiestad og kulturstad. Dette er merkevareprodukt som vi må bygge opp og vidare fram.

Nævdal-Bolstad har inntrykk av at det er mykje semje om politikken i Volda.

- Men politikken er ikkje prega av at det skjer så altfor mykje, meiner han.

Eivind Nævdal-Bolstad var gjest i studio hos Tore Ellingseter fredag...

Video 23-åring er ordførerkandidat i Volda

VIDEO: Eivind Nævdal-Bolstad frå Odda vil bli ordførar i Volda.

Høyr også kva Erna Solberg og høgreleiar i Volda, Jo Stian Tverberg, seier om taoppkandidaten.

Reporter er Torgrim Bakke.