Hopp til innhold

Jordrasoffera får flytte heim

40 personar måtte evakuere frå heimane sine i natt på grunn av jordras i Vartdal på Sunnmøre. No får dei flytte heim att.

Se hvordan jordskredet har herjet med bebyggelsen, og hør hva innbyggerne og lensmannen har å si om saken.

Sjå dei massive øydeleggingane på Vartdal. Reporter/foto: Roar Strøm.

– To geologar var på synfaring før det vart mørkt. Dei har sett på terrenget og støtta seg på vêrmeldingane, og ut frå dette meiner dei at det no ikkje er nødvendig å halde seg borte frå områda, seier lensmann Guttorm Hagen til NRK.

– Det er også heilt andre temperatur- og vêrforhold i kveld enn i går, legg han til.

Etter råd frå geologane valde han derfor å oppheve evakueringa av dei 40 personane som bur i området av der jordras gjekk.

– Så vil geologane kome tilbake over helga for ny synfaring, seier lensmannen.

– Glade for at vi kan flytte heim

I kveld var han med og orienterte innbyggjarane på eit informasjonsmøte i kveld saman med geologane og rådmann i Ørsta kommune.

– Det var eit godt møte, seier Arne Aarset.

Han var ein av dei 40 som måtte evakuere natt til laurdag etter at eit stort jordskred raste ned mot bustadar mellom Festøya og Ørsta.

– Vi er glade for at vi no kan flytte heim og at miljøforholda vert sett på som trygge, seier han.

– Treng kartlegging

Aarset håper no at det vil bli gjort ei god kartlegging av fonnene i Vartdal.

– Ja, over heile fjellsida i grunn. Både områda Aarset, Myklebust, Kvien og sørsida treng ei vurdering. Dette har blitt aktualisert dei siste åra, blant anna med ei stor fonn på ein gard her berre for to år sidan. Dette er ting vi tenkjer på, seier han.

Han håper geologane, lensmannen, kommunen og bygdelaga no går saman for å få oversikt i området.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL