Hopp til innhold

Etterlyser strengare reaksjon mot lege etter at faren døydde

Bernhard Nerem (36) meiner Helsetilsynet burde reagert langt kraftigare overfor legen til den avdøde faren. Legen trudde faren hadde strekk i ryggen, og gav han Ibux. To dagar etter var han død.

Bernhard Nerem montasje

Bernhard Nerem meiner legen slepper for lett unna, trass i at faren hans døydde etter å ha fått stilt feil diagnose.

Foto: Eirik Haukenes / NRK (montasje)

63 år gamle Paul Morten Nerem fra Frei oppsøkte lege fordi han fekk så vondt i ryggen og blei så tungpusta då han gjekk tur.

Legen konkluderte med at han hadde fått ryggstrekk, og sende han heim igjen. Halvtanna døgn etter døydde han av hjarteinfarkt. Obduksjonen viste at han hadde eit sterkt infarkt då han var hos legen, utan at dette blei oppdaga.

No konkluderer Helsetilsynet med at helsehjelpa var fagleg uforsvarleg, men gir likevel ikkje legen noko åtvaring.

– No er ein person død som følgje av behandlinga. Sjølv ikkje det gir åtvaring! Då blir du sitjande med kjensla: kva må til? seier sonen Bernhard Nerem oppgitt.

Les også:

Trudde han hadde muskelstrekk

Paul Morten Nerem

Paul Morten Nerem blei berre 63 år gamal. Då han fekk hjarteinfarkt, trudde legen det var ryggvondt.

Foto: Privat

Ifølgje rapporten frå Helsetilsynet har legen forklart at trebarnsfaren kom gåande inn på legevakta, men klaga over ryggsmerter. Legen har notert at pasienten var i "vanleg form" og ikkje hadde problem med å puste normalt. Det blei tatt fleire prøver, men dei viste ikkje noko urovekkjande.

Eg informerer alltid pasientar om rekontakt ved vedvarande/forverring av symptom, skriv legen i ein e-post til Helsetilsynet.

Skulle til legen om morgonen

Dei pårørande meiner det var vanskeleg å bli forstått av den utanlandske legen. Dei undra seg over at det ikkje blei tatt EKG, og lurte på om legen kjende til mannen si sjukdomshistorie med mellom anna diabetes og høgt blodtrykk.

Helsetilsynet konkluderer no med at det gjorde han ikkje.

Etter over eit døgn med sterke smerter, hadde faren bestemt seg for å reise tilbake til legen. Det rakk han aldri.

– Det kom som eit sjokk, seier sonen.

Meiner det er strengt nok

Portrettbilde av Heidi Merete Rudi, assisterende direktør i Statens helsetilsyn

Assisterande direktør Heidi Merete Rudi i Helsetilsynet trur folk flest meiner legar skal få sjanse til å endre åtferd når dei bryt lova.

Foto: Magne Braaten/Statens helsetilsyn

Helsetilsynet konkluderer med at legen ikkje hadde tilstrekkeleg grunnlag for den diagnosen og behandlinga han konkluderte med. Difor har han brote helsepersonellova.

Samtidig blir det vist til at mannen fekk ei "adekvat undersøking" på legevakta og at det er snakk om eit enkelttilfelle.

– Vi har erfaring for at legar som får konstatert at dei har brote lova, tek det svært, svært alvorleg, og endrar sin praksis for framtida, seier assisterande direktør Heidi Merete Rudi i Helsetilsynet.

– Men korleis vil det påverke folk sin tillit til helsevesenet, når ein mann dør, men legen likevel ikkje får noko åtvaring?

– Eg trur at folk flest er opptekne av at tenesta blir sikrare for framtida, og at ein lege får sjansen til å endre åtferd.

Vil forfølgje saka

Familien vil no ta kontakt med ein advokat og saka er allereie meldt inn for Norsk Pasientskadeerstatning. Men faren sin får Bernhard Nerem aldri igjen.

– Han var alltid ein gledesspreiar, han stilte alltid opp. Han var ein fargeklatt i familien. Ein du alltid kunne stole på, seier 36-åringen.

4. januar er det eitt år sidan Paul Morten Nerem døydde.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL