Hopp til innhold

Etterforskar mistenkeleg dødsfall på Nordmøre

Politiet etterforskar det dei omtalar som eit mistenkeleg dødsfall i Gjemnes på Nordmøre.

Anders Skorpen-Trøen

Anders Skorpen-Trøen er politifullmektig i politiet. Han seier at omstenda rundt dødsfallet ikkje er avklart.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Politiet i Møre og Romsdal etterforskar eit mistenkeleg dødsfall i Gjemnes søndag 25. desember. Ein 78 år gamal mann, som var ute og gjekk og hadde på seg refleksvest, blei først meldt sakna, og seinare funnen død same kveld i området ved Dønnem langs riksveg 666.

– Grunnen til at vi ser på dette som eit mistenkeleg dødsfall er at omstenda rundt dødsfallet er ikkje avklart. Politiet har ikkje grunnlag for å sjå bort frå at det ikkje har skjedd noko kriminelt, seier politifullmektig, Anders Skorpen-Trøen.

Politiet ønskjer difor å kome i kontakt med alle personar som bevegde seg i området mellom Batnfjord og Torvikbukt mellom klokka 18.30 og 19.30 1. juledag.

– Vi ønskjer at alle melder seg, uansett om dei trur dei har sett noko eller ikkje, slik at vi nærare kan kartlegge kva som har skjedd, Skorpen-Trøen.

Leita etter mann

Søndag kveld blei det sett i gang ein leiteaksjon etter ein mann i 70-åra i Batnfjorden på Nordmøre. Politiet fekk melding kl. 20.30. Då hadde pårørande alt leita nokre timar.

Politi, mannskap frå Røde Kors, Norsk Folkehjelp og Norske redningshundar deltok i leiteaksjonen. Mannen skulle gå ei forholdsvis kort strekninga frå ei adresse til ei anna, men kom ikkje fram.

Natt til måndag blei mannen funnen død i terrenget. På det tidspunktet sa politiet at dei ikkje mistenkte at mannen hadde blitt utsett for noko kriminelt.

– Eg kan ikkje gå nærare inn på detaljane i saka, men omstenda rundt dødsfallet gjer at vi ser på dette som eit mistenkeleg dødsfall. Det er kor han blei funnen, obduksjonsrapporten og ytterlegare etterforsking som gjer at vi ikkje kan sjå bort frå at det har skjedd noko straffbart, seier Skorpen-Trøen.

Politiet har tidlegare i veka vore i kontakt med Kripos, og blei då einige om at dei ikkje skal delta i etterforskinga på dette tidspunktet. Politiet vil vurdere dette på nytt seinare.

Skorpen-Trøen seier at dei har gjennomført ein rekke avhøyr, men opplyser at dei ønskjer å kome i kontakt med alle som kan vite noko om saka.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL