Hopp til innhold

Leiteaksjon etter mann

Det er igangsett leiteaksjon etter ein mann i 70-åra i Batnfjorden på Nordmøre. Politiet fekk melding kl. 20.30. Då hadde pårørande alt leita nokre timar. No er politiet på staden og mannskap frå Røde Kors, Norsk Folkehjelp og Norske redningshundar er kalla ut. Mannen skulle gå ein forholdsvis kort strekninga frå ei adresse til ei anna, men kom ikkje fram, opplyser politiet.