Hopp til innhold

Erfaring gull verd

Erfaringa som seriemeister med andre klubbar kan kome Molde til gode i år.

Video nsps_upload_2009_5_4_20_11_30_4611.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Det trur både trenar Kjell Jonevret og midtbanespelar Thomas Holm. Begge tok gull i 2005. Jonevret som trenar for Djurgården, Holm som spelar i Vålerenga.

Jonevret trur det kan vere nyttig å ha spelarar med slike erfaringar. Spelarane bidreg på trening og kamp og er flinke til å ha fokus på ein kamp i gongen. Slik sett greier dei også å halde dei yngre spelarane litt i øyrene, seier Jonevret.

Magne Hoseth
Foto: Arne Flatin / NRK

Magne Hoseth vart også seriemeister med Vålerenga i 2005. Han trur ikkje det spelar stor rolle i dagens situasjon at han og Holm vann gullet for fire år sidan.

- Du tek ikkje med deg ei slik erfaring når du har vunne gull berre ein gong, seier MFK-spelaren.

Nyttig erfaring

Thomas Holm derimot trur det er enkelte situasjonar før, under og etter kamp der denne erfaringa kan vise seg å vere nyttig ut over i sesongen. Holm fekk for øvrig ein skade på treninga måndag. Han skal testast på treninga tysdag. Det er uklart om han kjem til å spele mot sine gamle klubb Vålerenga onsdag kveld.

Skadar

Christian Steen som fekk ein skade i ansiktet mot Viking meinersjøl at han ikkje er speleklar enno. Det same gjeld Mattias Mostrøm som har hatt problem med ein legg. Ein skade som har flytta seg ned i akillesen. Han håper kanskje å kunne vere med i cupkampen mot Tornado Måløy til helga.