Hopp til innhold

Onklar, tanter og besteforeldre skal bli fosterforeldre

Barnevernsbarn skal i større grad enn før plasserast hos nær familie. Fleire tanter, onklar og besteforeldre skal bli fosterforeldre. Men dette fungerer ikkje for alle.

Video FOSTERBARN

Barnevernet er i endring. Til no har det vore svært vanleg å la barn, som barnevernet har teke omsorga for , bli plasserte hos familiar som bur langt vekke frå den biologiske familien. Elisabeth Runde bur hjå ein familie i Volda.

Elisabeth Runde

Elisabeth Runde fekk ein ny start i ein familie i Volda.

Foto: Arild Pettersen / NRK

–Her fekk eg byrje på nytt og eg fekk ta det derifrå. Eg hadde ein del som eg sleit med, fortel Elisabeth Runde.

– Fleire skal bu hjå nær slekt

Hjå familien i Volda bur det fem fosterbarn som kjem frå andre stader. Men no signaliserer styresmaktene at barn oftare skal plasserast i sitt eige nærmiljø, gjerne hos nær slekt.

Astrid Vikestrand

Astrid Vikestrand er fostermor. Ho fryktar at det skal bli for store endringar i fosterheimssaker.

Foto: Arild Pettersen / NRK

– Eg er veldig redd for at pendelen no skal svinge slik at ein no berre skal bruke biologisk nettverk. Eg har sett nokre slike pendlar i mine 20 år i barnevernet, fortel fostermor Astrid Vikestrand.

–Det går betre for dei som får bu hjå kjende

Det er på bakgrunn av erfaringar frå barnevernet over lang tid at styresmaktene no har bestemt seg for å la onklar og tanter bli forsterforeldre i større grad enn før. Ei slik satsing vil gje positive resultat, trur mange som arbeider i barnevernet.

Birgit Torkildsen Grotle

Birgit Torkildsen Grotle seier det går betre for dei barna som får vere i ein familie dei er trygge på.

Foto: Arild Pettersen / NRK

– Ein rapport viser at det går betre med dei som bur hjå nokon som dei kjenner og som dei er trygge på, og har ei tilhøyrigheit til, seier Birgit Torkildsen Grotle. Ho er leiar for fosterheimtenesta på Sunnmøre.

–Fekk det vanskeleg i nær familie

Ho er 23 år og har flytta inn i eigen bustad. Minna frå barndommen er ikkje gode. Som lite barn blei ho plassert hos bestemora.

Sandra Sicilie Hansen

Sandra Sicilie er styremedlem i Landsforeningen for barnevernsbarn.

Foto: Omar Sejnæs / NRK

– Ho var jo mor til mora mi. Det er nær slekt, og dette gjorde det veldig vanskeleg i min situasjon. Ein vil jo helst ikkje tru at det har skjedd noko gale, fortel Sandra Sicilie Hansen. Ho er styremedlem i Landsforeningen for barnevernsbarn.

Mange norske barn i fosterheim

Rus, overgrep og sjukdom gjer at meir enn 8000 norske barn og ungdommar er plasserte i fosterheim.

Anne Lovise Løvås

Anne Lovise Løvås er rådgjevar for fosterheimstenesta på Sunnmøre.

Foto: Arild Pettersen / NRK

– Å få vere i ein familie med folk ein har ein relasjon til, med folk som bryr seg fordi ein er tante eller besteforeldre, er ein god ting for barn, seier Anne Lovise Løvås, rådgjevar i fosterheimstenesta på Sunnmøre.

Mange ulike situasjonar

Samkjensle og tryggleik betyr alt for dei fem ungdommane i fosterheimen i Volda.
Om fosterforeldra skal finnast rett over gata eller fleire mil unna, vil avhenge mykje av kva situasjon ein er i.

– Det kan vere både godt og vondt for barna sjølve. Det er sjølvsagt tryggare å kome i ein heim nær familien. Men i nokre tilfelle kan det også vere godt å kome seg vekk frå familien. Det kjem heilt an på situasjonen, seier Elisabeth Rundt.