Hopp til innhold

Skaffar fleire fosterfamiliar

Bufetat - den statlege etaten for barn, ungdom og familiar - skal betre tilbodet i Møre og Romsdal. Det skal bli fleire institusjonsplassar og fleire fosterfamiliar.

Etaten har i det siste fått kritikk frå kommunar på Sunnmøre for manglande tilbod. - Blant dei nye tiltaka er såkalla statlege fosterheimar, seier regiondirektør Aud Bjørkås i Bufetat. Desse fosterheimane får kontrakt med Bufetat og er knytte til fosterheimstenesta eller ein av institusjonane. Dei får svært god oppfølging, seier Bjørkås.

Dessutan blir talet på institusjonsplassar i Volda og Ålesund auka, i tillegg til at det kjem ein ny institusjon på Frei.

Kritikken har retta seg mot at barn og ungdom må sendast ut av fylket fordi det manglar plassar her. Dette meiner Bjørkås dei no er i ferd med å finne ei løysing på:

- Frå årsskiftet får vi ein områdeleiar på Sunnmøre som saman med fagfolka i etaten skal vere pådrivar for å skaffe tilbod primært i dette området. I den grad det er behov for å nytte seg av andre tilbod,  skal ein først og fremst gå til Nordmøre og Romsdal, eventuelt Trøndelag, seier Aud Bjørkås.