Hopp til innhold

Mange ventar på fosterheim

Ventelista for barn som treng fosterheim har blitt lenger i Møre og Romsdal.

Totalt er det no 52 barn som ventar på at fosterforeldra skal ta imot dei.

Fosterheimstenestene i fylket merkar særleg ein auke av barn over tolv år.

Margrethe Grinaker Sirnes, leiar i fosterheimstenesta i Ålesund, meiner ein av grunnane er at barnevernet har blitt flinkare til å oppdage barn som treng hjelp.

Dei to fosterheimstenestene i fylket har henholdvis ansvar for Nordmøre og Romsdal, og for Sunnmøre. På Sunnmøre var det 15 barn som trengde plass ved nyttår. No er det tretti, fortel Grinaker Sirnes.

I heile fylket er det særleg for barn over tolv år at det manglar plassar. Hilde Skodje er leiar for fosterheimstenesta i Molde. Ho seier at mange opplev det som svært meiningsfylt å vere fosterforeldre.

- Men ein av grunnane til at dei manglar heim til dei eldre barna, er at dei er meir krevande.